Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Høyrer kvar dag
om Donetsk og Kherson,
byar sønderrevne;
nok ein livlaus person.
Atter nye offer
på terrorens altar;
tyrannen strammar,
splittar og herskar,
veit kven det rammar.
Etterkvart grip valden
meire om seg;
I sida eit horn,
etterkvart til fleire og fleire,
og kvinner og born.
Respekt for menn`skjeliv
krympar til eit lågmål,
leiaren skaltar og valtar,
sitt pund forvaltar.
Uttrykt omtanke for andre,
eit påskot for eiga vinning,
pengane alle tings mål;
menneskjelykke ein annan skål.
Hans Sandviken, Vinstra