Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Vi er berre i den andre månaden i det nye året og eg er godt i gang i eit hamsterhjul av ei maratonløype som ingen ende vil ta. Eg spring og spring og lurer på kvifor eg spring. Den gode intensjonen om at i alle fall starten på 2023 skulle gå rolegare føre seg enn slutten på 2022, funka dårleg. Eg er allereie i ferd med å mislukkast med mitt eige nyttårsforsett. Ein ting er at det går i eit durabelt tempo, ein anna ting er at det generelt aldri er stille nokon stad.
Stillheita som før var ein naturleg del av kvardagen er i dag blitt ei sjeldan luksusvare. Vi spring ikkje berre i eit fysisk hamsterhjul, men også i eit mentalt hamsterhjul. Vi skal tenke fortare, lese fortare, skrive fortare, kunne fortare, gjere og oppleve fortare.
Legen og biokjemikaren Hans Selye introduserte i 1936 omgrepet «Stress». Stress betyr påkjenning eller belastning. Det kan vere mildt, kortvarig stress som stimulerer kroppen positiv og det kan vere langvarig stress som påverkar kroppen negativt. Selye sin stressmodell fortel om tre fasar; Alarmfasen, fight og flight, der kroppen bestemmer korleis den skal handtere situasjonen. I motstand og tilpassings fasen aktiverer kroppen for å tole langvarig stress. Her må det leggast inn god kvile slik at ein ikkje opplever at livskvaliteten blir redusert. I tredje fase, utmattelses fasen, er ressursane brukt opp, noko som kan gje negative konsekvensar på kroppen.
Eg huskar bestemor mi seie at stress var eit nymotens ord ho ikkje brukte. Dei kunne seie at det var litt «kavete», at dei hadde mykje å gjere og det kunne vere fare for å ikkje bli ferdige i tide. Som for eksempel å ikkje rekke å få alt tørrhøyet inn før det kom regn. Då måtte dei jobbe litt ekstra på for å få det til. Men det var aldri snakk om å stå over eit måltid eller droppe middagskvila midt på dagen, for å rekke noko. Vi opplevde kvila like viktig som arbeidet. Og når det var middagskvil skulle det var stille.
Forsking viser at ei regelmessig stille stund kan endre strukturar i hjernen. Det gir positivt utslag i kropp og psyke, aukar immunforsvaret og betrar vår generelle helsetilstand. Om vi kombinerer både stilla og kvila, gir vi då kroppen vår dobbelt positiv effekt? Kor skal vi så finne det stille og det rolege, når det er støy og tempo overalt?
44 % av Noregs areal er definert som fjell og vidde. Om lag halvparten av norske bustader ligg 500 meter eller nærmare nærnaturterreng, opplyser DNT. Altså er sjansen for å komme seg relativt fort ut i skog og mark stor for dei fleste av oss.
Naturen er roande og førebyggande, viser forsking.Den bidrar blant anna til meir trivsel og livsglede og gjev meir energi. Den førebygger ulike former for tankekaos og gir betre søvn. Med den føresetnad at stilla og roa er den du møter i naturen sin egne lydar og bevegelsar, ikkje dei du tek med deg ut i naturen.
Friluftsliv i dag er sterkt forbundet med Instagram bilete av spektakulære vatn, fjelltoppar og setrer vi aldri før har høyrt om. Vi skal kome oss fort fram og fort heim, og helst rekke å legge ut bilete av staden mens vi er der.
Frisk luft, stille og ro er dei viktigaste motivasjonane folk har for å oppsøke naturen og friluftslivet, viser Natur og miljøbarometeret. Er det tilfelle, vil eg slå eit slag for turen i nærnaturen.
Den turen vi kan ta når som helst. Utan for mykje planlegging og stress. Den turen vi kan ta aleine fordi vi treng det eller ilag med ein vi vil dele den med. Ta stilla tilbake som ein naturleg del av kvardagen og ikkje la ho vere ei sjeldan luksusvare meir.
Ingunn Flølo, spaltist, Lillehammer