Ekspertutvalget har levert sin innstilling - forslaget må arkiverast

UEGNA: Det er vanskeleg å sjå at det vil blir bygd ut ein KW-time meir vasskraft i dette landet dersom forslaget blir vedtatt, skriv Ola Helstad. Biletet gjeld utbygginga i Nedre Otta.

UEGNA: Det er vanskeleg å sjå at det vil blir bygd ut ein KW-time meir vasskraft i dette landet dersom forslaget blir vedtatt, skriv Ola Helstad. Biletet gjeld utbygginga i Nedre Otta. Foto:

Av
DEL

DEBATT
For litt over eitt år sidan hadde eg debattinnlegg vedr. kraftskatteregimet og det regjeringsoppnemnde ekspertutvalet.

Eg skreiv følgjande: Når regjeringa, på tross av fleirtalet i Stortinget, likevel tillet seg å gje omfattande mandat til ekspertutvalet, er det all grunn til å vera vaken og å ta i vare kommunane sine interesser. Ein kan vanskeleg sjå at det blir etter distriktskommunane sine interesser.

No har ekspertutvalet talt. Den uro og skepsis som vart uttrykt i mitt innlegg har slått til – og vel så det:

«Krigserklæringa» mot Distrikts-Norge er å avvikle robuste og forutsigbare inntekter som konsesjonskraft, konsesjonsavgift og grunnlag for eigedomsskatt frå kraftanlegg. Desse elementa har vore grunnleggjande i samfunnskontrakten med politisk semje om i over 100 år.

Ordningane har vore avgjerande for busetting, næringsutvikling, verdiskaping og kommunal tenesteyting i Distrikts-Norge.

Forslaget inneber inntektsvekst til staten, auka skattlegging av energisektoren gjennom grunnrenteskatten og bortfall av lovfesta konsesjonsinntekter (årleg 3 mrd. kr.) til kommunane.

Til samanlikning hadde staten årlege inntekter frå overskotsskatt frå kraftbransjen med 3,7 mrd og grunnrenteskatt på 6,3 mrd i 2017- venta å auke til 9,8 mrd i 2018).

I tillegg: Statkraft hadde eit resultat på 13,4 mrd etter skatt i 2018. Ein ser med dette at kraftbransjen er kraftig skattelagt, og at staten over tid profitterer på bekostning av kommunane.

Grunnlaget for ekspertutvalet var å foreslå skatteregime som vil stimulere til eit taktskifte til investering for auka del av fornybar energi.

Energibransjen er tydelege på at deira utvikling må skje i samarbeid og forståing med kommunane, og at vertskommunane skal ha sin lovfesta og del av verdiskapinga.

Forslaget går i motsett retning, er i utakt med kommunane og energibransjen, og talar staten si sak.

Det er 175 kommunar (av desse er over 80 prosent minsteinntektskommunar) som nå risikerer å miste denne grunnleggjande føresetnaden for tenesteyting og framtidstru.

Det er all grunn til å vera uroa over evt. kompensasjonsordningar (fordeling av naturressursskatt) som blir brukt som ei slags kompensasjonsordning.

Dette kan ikkje representere erstatning for noverande konsesjonsordningar.

Det har alt kome bekymringsmeldingar frå kommunar som fryktar inntektstap og dramatiske kutt i tenesteyting, reduksjon av stillingar og reduksjon i innbyggjartal.

Noverande inntektssystem og naturressursskatt er slik bygd opp at det skjer ei omfordeling mellom kommunane, og vil føre til at verdiskapinga blir fordelt til kommunar som ikkje har gjeve av sin naturkapital.

Det er elles viktig å få fram at ekspertutvalet ikkje har foreslått kompensasjon til kommunane.

Det er vanskeleg å sjå at det vil blir bygd ut ein KW-time meir vasskraft i dette landet dersom forslaget blir vedtatt.

Forslaget er stikk i strid med regjeringsplattforma, og er i utakt med dei fleste politiske parti sin politikk. Dette vil bli stadfesta fortløpande.

Ein må derfor ha trua på at dette er eit politisk prosjekt som vil møte den berømte veggen, og at kamelmåltid blir servert i det politiske bakrommet. Spørsmålet er da om statsministeren vil stoppe dette forslaget, eller om det blir ei slags høfleg æresrunde (at NOU-en blir sendt på høyring og at proposisjon blir fremma for Stortinget) i forståing med enkelte parti i samarbeidsregjeringa.

Det avgjerande for å møte fornybarutfordringa er konstruktivt samarbeid mellom samfunnsaktørane som likeverdige partar, der tilstrekkeleg motivasjon og forutsigbarheit er til stades.

Konsesjonsordningane og andelen av verdiskapinga må derfor framleis koma kommunane til gode. Det kan ein få til ved å arkivere framlegget til ekspertutvalet.

Ola Helstad, Administrasjonssjef i Lom og landsstyremedlem LVK

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags