Nå er det på nytt ope for å teikne aksjar i Gudbrandsdal slakteri. Da forventar eg at jordbrukskommunar teikner mange aksjar!

Og at alle andre støttar opp om det lokale slakteriet. Nå er det dyra sitt beste vi må støtte opp om. Det hjelper lite med bingefjøs, kalvingsbinge og 16 veker beiting ute, når siste reisa til dyra skal vera «halve landet rundt».

Alle dyr forstår merir enn vi trur, og det var vonde dagar når vi leverte kyr til slakteriet. Eg gløymer aldri augo som stira på meg frå ei velvaksen ku.

Nortura tek ikkje ansvar, korkje for dyr eller dyreeigar. Der er det skyhøge lønningar som er det viktigaste, ikkje dyrevelferd. For dei er det antakeleg greitt å sende levande dyr frå landsende til landsende.

Det er stadig snakk om stuttreist mat, men dyra si siste reise er i dag ein tragedie.

Kvar er representantane for produsentane i styret i Nortura, er dei «hjernevaska» eller blir dei stemt ned av dei griske? Og kvar er Mattilsynet og Dyrebeskyttelsen? Forstår heller ikkje dei kva som skjer med levande dyr?

Det er derfor viktig å teikne aksjar i det nye slakteriet - og lykke til, dykk som står på for Gudbrandsdal slakteri.

Anna-Marie Ørjasæter, Skjåk