Gå til sidens hovedinnhold

Er det Bondelaget som skal føre kommunepolitikken?

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I ein kronikk i GD 2. februar går bondehøvding Lars Petter Bartnes i rette med dei kommunane i Gudbrandsdalen som gjev økonomisk støtte til nytt slakteri i Gudbrandsdalen. Dette burde han halde seg langt unna. Heldigvis fekk han ikkje med seg Småbrukarlaget på dette.

Bartnes angrip både kommunane og dei bøndene som leverer til private slakteri. At han og mange bønder er trufaste mot Nortura, må vere opp til kvar enkelt produsent å avgjera. I distrikta og utkantane er alle like viktige. Det er ikkje noko A- og B- lag av produsentar.

Heldigvis er det att mange bønder her, i alle størrelsar, og dei leverer til alle slakteri. Det er ljos i glasa i husa til både dyr og folk, og jorda blir halde i hevd, det same blir og beitemarka, både på inn og utmark. Enn så lenge.

Hadde Nortura høyrt på sine medlemmer som soknet til Otta- anlegget, hadde ikkje dette blitt noko problem. Det blir gjort forsøk på å framstille samvirke som om at det er bøndene som bestemmer. Som tidlegare leverandør kjenner eg meg ikkje att i den framstillinga. Det er berre når selskapet taper for mykje av kapitalen sin at leverandørane blir spurt.

Faglaga er med i omsetningsrådet, der blir prisane på forskjellige dyreslag vedtatt. Prisane skal hindre overproduksjon, men og hindre underproduksjon. Kvifor har da ikkje for eksempel sau, som det har vore eit stort underskot på, fått auka prisen?

Bondelaget seier at dei tek ansvar ... Ja vel, for kven? Når arbeidsplassar forsvinn i distrikta der råstoffet er, må og bondelaget forstå at det er eit stort tap for heile lokalsamfunnet. Vi kan ikkje klare oss utan arbeidsplassar, så enkelt er det. Vi må ha skular, gamleheimar, og alt anna eit lokalsamfunn treng for å eksistere. Da er ikkje sentralisering rette medisin. Den norske befolkninga et stadig mindre kjøtt. Samtidig aukar importen for at oppdrettsnæringa skal få selt sine produkt. Er importen noko faglaga bør ta opp i landbruksforhandlingane? Eller må samvirke tenke nytt? Skal alt kjøtt gå i same kverna? Bør det givast ein meirpris for dyr som har gått på utmarksbeite? Er det rett at kopplam skal ha kvalitetstilskot?

Både Nortura og dei private slakteria har godt av at det er konkurranse, det er med på at det til ein viss grad held oppe ein altfor lav pris på bondens produkt. Samvirke vart etablert for å styrke bonden økonomisk, nå er det ikkje lenger slik. Spørsmålet er da, er samvirke blitt like Norske Skog? Prøver dei å gape over for mykje?

Det betyr vel lite for den enkelte produsent kor overskotet blir av, så lenge det ikkje går tilbake til dei som produserer maten. I samvirke går vel mesteparten til millionlønner og fallskjermar til direktørar. Dei private tek ut det dei vil av sine bedrifter. Bøndene har i så måte att like lite i lommeboka.

Ole-Petter Berget, leiar, Nord-Fron Bonde- og Småbrukarlag