Eg undrar meg meir og meir over landbrukspolitikken i Sør-Fron. Nok eit bruk er seld som tilleggsjord. «Som tilleggsjord, blir det ein god driftsmessig løysing, og mindre leigejord i kommunen» står det i vedtaket om konsesjon. Busetjinga skal løysast ved «utleige av huset, som er bebueleg». Meiner politikarane i Sør-Fron som stemte for konsesjon, og dei som tilrådde den, at ein av dei aller største gardane i dalen treng tilleggsjord?

At bruket det gjeld er «arnestaden» for mi interesse for dyr og jordbruk, gjer ikkje saka betre. Men alle gardsbruk skal drivast, utan omsyn til kva kjensler ein har for staden.

Bruket har stått til nedfalls i mange år, og slik sett er det bra at det blir seld. «Småbruk» er Norge sitt mest søkte ord på Finn.no. At ein treng arbeid i tillegg er ingen hindring på eit lite bruk og heller ikkje på ein stor gard! Har ikkje kommunen/ politikarane fått med seg at tilleggsnæringar på små bruk kan bli ei god inntekt, og gje eit bra mangfald i bygda? Mjølkekvota kunne framleis vorte bortleigd som ei anna inntektskjelde i dette tilfelle.

Konsesjonslova seier at det skal gje ei samfunnsmessig god løysing i slike saker. På Sel er ordføraren glad for at ein gard ikkje blir rasjonalisert bort, og ein politikar er glad for busetjing i bygda. I Sør-Fron er visst ikkje det interessant.

I avgjerda er det og lagt vekt på at det blir mindre leigejord i kommunen. Kva med dei som leiger jord? Skal dei måtte redusere drifta si fordi at ein gard som har meir enn nok frå før, skal vekse seg enda større?

Eg ønskjer dei som har kjøpt dette småbruket alt god. Men eg meiner dei har nok ressursar på garden sin frå før. Difor blir eg så inderleg skuffa over politikarane og dei som sit i forvaltninga av landbrukseigedomar, for at dei kan gå inn for ein slik handel. Heller arbeide for at det skal bli fleire bruk, små som store. Denne politikken dei her praktiserer, er eit godt døme på «bondekannibalisme». Ei eining mindre, ein som mister leigejorda si, og ein gard som blir enda større. Altså færre som driv jord og mindre busetjing.

Eit tun som blir bortleigd, blir som regel eit «stebarn» utan vidare utvikling og busetjing. Hus i forfall kan ein også tvile på om eignar seg til utleige. Og etter fem år er buplikta borte.

Er det dette som er bygdeutvikling?

Fride Gunn Rudi, Ringebu