Gå til sidens hovedinnhold

Er det greit at beitedyra blir bytta ut med hytter ?

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Er det næringsutvikling når det øydeleggjast for ei anna etablert næring? At Hanne Alstrup Velure som leder av Utmarkskommunenes Sammenslutning vil øydeleggje for den næringa som har bidratt til at både bygder og landskapet er blitt slik det er, er i det heile ikkje til å forstå.

Hytter og beitedyr går like dårleg saman som rovdyr og beitedyr. Oppland er Norges største beitefylke, men er og på topp med hytter. I dei aller fleste kommunane er det ein beitebruksplan men det er nesten ingen som har planen som ein kommunedelplan, for det meste berre ein temaplan.

Eg er ikkje imot hytter, men dei skal ikkje ligge i dei beste beiteområda. Det skal regulerast på ein slik måte at beiteretten ikkje blir den store taparen i området. Eg er best kjent med korleis praksisen i Nord-Fron kommune er, men etter det eg forstår er praksisen lik i svært mange område. For å få regulert eit område for hyttebygging skal det konsekvens-utgreidd både det eine og det andre, men ikkje det reguleringa går mest utover, nemleg beiteretten. Kvifor?

Her er det ingen krav at utbyggar og grunneigar opplyser kjøper om at det er hefte på tomta, som at det er beiterett der. Og trass i at det i beitebruksplan står det at det ikkje skal byggjast hytter rundt seterstular, så blir det regulert for hytter der. Synest Velure dette er god forvaltning?

Før var det sauen som mange hytteeigarar ikkje tolte, nå har det dukka opp ein ny fiende til dei som gjester utmarka, nemleg ammekua med sine kalvar. Desse dyra er hyttefolk redde for. Dette fører til enda meir bråk for beitebrukaren, og heller ikkje det tek byråkratar og politikarar innover seg.

Mange beitebrukarar opplever store problem med laushundar som skader og drep sau og lam. Andre får dyr påkøyrt. Atter andre har problem med dårlege gjerde, og gjerde som er ulovleg oppsett, heller ikkje dette gjer kommunen sine folk noko med. Det er og blitt populært å sykle langs stigar og råk som beitedyra har trakka opp, noko som fører til at søyer og lam kan bli skremt frå kvarandre. Å kunne bruke beiteretten sin er eit vere eller ikkje vere for dei aller fleste som driv med sau eller ammeku, og dei som har mjølkeku på setra.

Skal det bli fred og idyll i fjellheimen, må beitedyr og hytteturismen vera skilt. Lokaliser hyttefelta i det som ved beitekartlegging kjem i kategorien «dårleg beite», og gjerde inn heile felta. Tomtekjøpar må bli opplyst om at her er det beitedyr.

Ein annan ting som ikkje blir nemnt, er korleis nærområdet til eit hyttefelt blir brukt. Sjølv om hyttefelta blir inngjerda så er ikkje alle problema løyst. I dei beste beiteområda vil det framleis væra mange beitedyr på utsida av gjerdet. Det er bra at hyttefolket bruker naturen, men da må dei lære seg å respektere både beitedyra og deira eigarar.

Kor blir det av alle fine taler om fleire dyr på beite, ta vare på miljøet, og eta sunn mat? Skal det skje, så må utmarksbeite fredast.

Velure hevdar at hyttebygging er svært så lønnsamt for kommunane. Korleis kan det da ha seg at Trysil kommune, som er den største hyttekommunen i landet, er så økonomisk dårleg stilt?

Heller ikkje i Nord-Fron kommune har vi fastbuande merka noko til den såkalla velstanden som hyttebygginga skal bidra til. Det blir nå brukt nå så mykje av kommunens budsjett til dette at det går sterkt utover i fyrste omgang dei gamle og svake. Dei som er tilknytt det offentlege vatten og kloakksystemet i kommunen får nå ei større rekning i posten.

Kven er det da som tenar på denne raseringa?

Ole-Petter Berget, leiar, Nord-Fron Bonde og Småbrukarlag