Er det vits å bu i Saksumdal?

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Viss barnehagen i Saksumdal blir lagt ned har vi berre gatelys og ei kyrkje som offentlege tilbod igjen i bygda.

«Kraftsamling for bygdene» som kommunestyret samrøystes vedtok i 2018 viste seg altså å vere eit dokument tomt for innhald. Kraftsamlinga skulle vere eit «plaster på såret» for grendene Saksumdal og Rudsbygd etter at skulane vart lagt ned i 2016. Prosjektet skulle gjere grendene til ein betre stad å bu og redusere konsekvensane av skulenedlegginga.

I 2013 flytta eg til Saksumdal med mann og ein unge, seinare kom ein unge til. Vi flytta frå Groruddalen til ei bygd med skule og barnehage. Vi hadde ikkje vore i Saksumdal før og ingen av oss har noko forhold til Lillehammer, men vi fekk jobb her. Vi ønskte oss ut av Oslo, til meir luft, rein snø, meir natur og mindre forhold. Vi synst Saksumdal høyrdest ut som ein fin plass, og tok sjansen!

Eg har aldri angra. Kvar dag når eg køyrer frå jobb i byen og kjem over Saksumdalskjølen, pustar eg ut. Her er utsyn og høg himmel. Her er stillheit og dyr på beite. Her er trivelege folk og fritidsaktivitetar.

I Saksumdal bur det mange ulike typar folk. Vi er bilmekanikar, kunstnarar, veterinærar, professorar, lærarar, butikkarbeidarar, tømrar og tilsette i privat og offentleg sektor. Vi er bønder som produserer mat, som har kyr og sau, og bidreg til å halde matproduksjon og kulturlandskap i hevd. Nokre har tilknyting til garden og staden, andre berre bur der. Men det vi har felles er eit ønske om å leve eit godt liv på bygda utan å kjenne oss som ein byrde for kommunen.

I mars vedtok kommunestyret at Lillehammer kommune i 2030 skal ha «Livskraftige grender med bolyst». Eit halvt år seinare kan altså denne målsetninga bli radert bort på grunn av innsparingar.

Personleg er eg dritlei av å høyre om byen Lillehammer og alt som er godt for «byen vår». Eg bur ikkje i byen, og har ikkje noko ønske om å gjere det. Men eg bur i Lillehammer KOMMUNE, og ønskjer meg ein kommune der administrasjon og politisk leiing ser verdien av grender, bydelsentra, spreitt busetting og by – til saman.

Saksumsdølane bidreg med skatteinntekter til Lillehammer kommune, vi betaler eigedomsskatt og kommunale avgifter. Likevel har vi ikkje kommunalt vatn og avløp, vi har ikkje søppelhenting ved husa våre, vi har ikkje fiber og ikkje massiv bustadbygging. Derfor har vi venta på kraftsamlinga for bygdene, og tenkt at det burde kome noko godt ut av prosjektet. Så kom forslaget om nedlegging av barnehagen. Er det rart vi blir irriterte, skuffa, forbanna og kjenner oss forbigått? Kvifor skal folk i Saksumdal og Rudsbygd bry seg om kva politikarane seier og lovar? Spelar det noko rolle for Lillehammer kommune at vi bur her?


Eva Marie Mathisen, Saksumdal

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken