Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Når vi blir tuta øyrene fulle av kor fint det skal bli for alle berre dei får makta… Når politikken kun går ut på å juge mest mulig... Dei store partia som kjem til makta er det i praksis ikkje stor forskjell på. Det dei har lova veljarane blir stort sett ikkje oppfylt. Dei skylder på førre regjering, eller at dei vurderer løysingar som aldri kjem. Slikt har politikken fungert lenge, men det har vorte berre verre og verre.
Norsk politikk blir stadig meir og meir lik politikken i Amerika. Det må være heilt legitimt å spørje, kven er politikarane til for? Er det kun for makt og posisjoner? Eller er det for fellesskapet i det norske samfunnet?
Dessverre er det politikk i alt. Straum, matprisar, distrikt kontra byar. Det er politikarane smerteleg klar over. Da taper sjølvsagt distrikta, og spesielt landbruket da dei utgjer berre ein prosent av befolkninga. Det er heilt logisk, dei som vil ha makt må sjå til at det store fleirtalet stemmer på dei.
Det blir hevda at skal ein har rett til å kritisere så må ein stemme. Men er ikkje det med på å rettferdigjera at politikarane får drive på nettopp slik dei gjer i dag? Når skal politikarane forstå at vi fyrst og fremst skal ivareta den vanlige mann og kvinne i Norge? Med mat, straum, helsevesen, skular og alt det andre som er så viktig for at eit samfunn skal fungere. Det synast som det er om å gjera å redde resten av verda og få fine jobbar etter endt karriere på Stortinget som teller mest. Dessverre er det blitt altfor mange politikarar som aldri har gjort noko anna enn politikk, og det er overhodet ikkje bra.
Ole-Petter Berget, Nord-Fron