Er eit samvirke samvirke om det ikkje lenger samverkar?

- Om Nortura vil, skal vi samverke! Om ikkje Nortura vil, skal vi likevel få det til! skriv Kjell Brandsar.

- Om Nortura vil, skal vi samverke! Om ikkje Nortura vil, skal vi likevel få det til! skriv Kjell Brandsar. Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg

Om Nortura skal fortsette som eit samvirke, må vi vise at vi verkar saman. Ei stor folkerørsle har no bygd seg opp mot nedlegging av Nortura Otta. Det er nok store sjansar for at rørsla ikkje berre gjeld nedlegging av Nortura si avdeling på Otta, men eg trur nok det i tillegg er ein reaksjon på den vegen Nortura stakar ut for landbruket i framtida. Ein ser også elles emninga av eit distriktsoppgjer som bør få utslag ved neste stortingsval.

Klimalandbruk

Kan Nortura ta sjansen på å miste produsentar i ein region som kan bli særs viktig i eit klimalandbruk under utvikling? Fylgjer Nortura med på denne utviklinga? Ei uttale frå Ellen Flø Skagen, konserndirektør i Nortura med område som samfunnsansvar, beredskap, dyrevelferd og berekraft, hadde vore på sin plass. Eg ser også at Nortura søker etter leiar for berekraft. Eg håpar dei ser styrka i eit slakteri i vår region.

Om vi skal kunne omstille landbruket i Noreg når det gjeld klimautslepp, må vi snart vise at vi vil noko med dette. Vi har ei klimaavtale i landbruket som ikkje berre bør henge på veggen til pynt. Da kan ein ikkje kutte produkt som t.d. Høgfjellslam og andre spesialprodukt, som er tilpassa klimalandbruket i framtida. La oss utvikle klimalandbruket og Nortura Otta saman!

Beredskap

Utanom at Otta er eit beredskapsslakteri, er det også viktig når det gjeld beredskap på andre måtar. Å ha store slakterieiningar på få stader er det berre bedriftsøkonomar som ser nytten av. I eit beredskapsomsyn er dette tullete. Kva skjer om vegane blir stengde? Kva skjer om det blir utbrot av sjukdom på slakteria, både på dyr og menneske? Det er noko som heiter å spreie risiko. Å satse på område med kunstig vatning i framtida, såg vi vel nytten av i fjor sumar?

Den største elefanten i rommet

Alle ser kva som utløyser mykje av dei økonomiske uføra til Nortura og den norske bonden. Vi må ta attende makta og kvaliteten på våre eigne produkt og produksjon. Kjedemakta har vakse fortare enn eit framtidig landbruk kan tole. Der kjedene sine eigne merkevarer blir pressa fram, er det no ofte tomt for Gildeprodukt i hyllene før jul. Har Nortura ein plan for dette, eller vil dei for all framtid henge etter som eit slips? Vil eit framtidslandbruk vekse på sida av Nortura og kjedene med for eksempel REKO-ringar og lokale slakteri? Forbrukarane er nok meir opptekne av kvalitet og dyrevelferd enn det kjedene vil ha oss til å tru. Import av produkt produsert på ein mindre berekraftig måte, er også mot forbrukarane sine ynskje.

Vi har kjøt produsert på beite i området Nortura kan misse produsentar i no, og vi har potensial for meir. Med ei auka interesse for korleis andre fjellandbruk har utvikla seg, t.d. i Sveits, kan eit tap av produsentar i eit område med klåre fellestrekk til dette bli eit hardt slag for Nortura. Med husdyrregisteret/husdyrkontrollen, lite bruk av antibiotika og generelt lite sjukdom, kan vi til og med bli betre enn dei! Korleis trur dykk reklameverdien av fjellandbruket vårt er i kroner og øre i framtida?

Dyrevelferd

For meg er det vanskeleg å fatte at ein kan forsvare frakt av levande dyr over slike avstandar som ein no legg opp til. Eg veit at dyr blir frakta lengre i Noreg, men er det greitt? Ein kan vel vente ei endring av reglane kring køyrelengd/tid av dyr.

Kor er dyrevernorganisasjonane? Tyste? Mattilsynet? Tyste? Det som undrar meg mest, er at Mattilsynet ikkje uttaler seg i alle saker der auka køyrelengd blir ein konsekvens. Som økologisk bonde spør eg meg om Nortura i det heile teke ynskjer økologisk landbruk ute i distrikta.

I økologiforskriften (§ 2, jf. fo. (EF) nr. 834/2007, art. 14, pkt. 1b, vii) står dette om transport av dyr: «Varigheten av dyretransport skal være så kort som mulig».

Må auka i økologisk landbruk eller klimalandbruk kome ved at ein startar nye samvirke og slakteri?

Framover

Landbruket i dag har utfordringar som overproduksjon, import, kjedemakt, omstilling til klimalandbruk, lausdriftskrav, rovdyrpress, økonomisk press/tidspress som vi ser i nokre tilfelle kan føre til dyrevelferdssaker, sentralisering og psykisk helse. Kor mykje kostar nedleggingar om ein skal trekke samfunnsøkonomien inn i biletet? Men ver sikker på ein ting, Nortura: Vi kjem ikkje til å gje oss med ein produksjon til det beste for dyr og med best kvalitet ut til forbrukar for framtida! Ver ikkje redde, vi er fullt klar over kvalitetane vi har! Om Nortura vil, skal vi samverke! Om ikkje Nortura vil, skal vi likevel få det til! Valet ligg på dykk! Lykke til!

Kjell Brandsar, økologisk mjølkeprodusent og Norturaeigar frå Lom

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags