Gå til sidens hovedinnhold

Etter koronakrise, før klimakatastrofe ...

Artikkelen er over 1 år gammel

lesarinnlegg Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Den gamle venen min Svante, ringde nettopp på retur frå Sverige til eit vêrhardt fiskevær på nordvestkysten vår der han bur, -Ingen panikk i Sverige,- sa han, -der er skulane opne og trafikken går som i England. Det er berre Noreg som har råd til å stengje alt ned og tilby full løn i 20 dagar til alle permitterte.

–Nå ja,- innvende eg, -det er kanskje litt tidleg enda å gjera opp status over kven som har greidd å takle pandemien best?-

I nyheitene melder dei at Regjeringa skal bruke minst 100 milliardar på å takle fyrste fase av krisen. – Ingen skal tapa økonomisk på dette,- tek Ap-leiaren opp att etter finansministeren-

Om det er alle norske politikarar samde!

Det skal vera farleg å stikke handa inn i eit kveksbol, og særleg der alle er einige om alt. Men i alderdommeleg uforstand tillèt eg meg likevel å stille eit lite spørsmål. Er ikkje koronakrisen ei glimrande anledning til å prøve å kutte ørlite gran ned på dei oppblåste honorara og lønene våre? Nå når børsane fell som blylodd og dreg CO2 utsleppa med seg, er ikkje dette eit høve til å vurdere bruk- og kast-samfunnet vårt, forbruket av natur og den globale oppvarminga på nytt?

Mot klimakrisen kan ingen isolere seg med karantene og full løn i 20 dagar.

Torgeir T. Garmo, Lom