Gå til sidens hovedinnhold

Europa treng ein ny jordbrukspolitikk

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Medan folk handlar lokalmat i reko-ringar blir det importert stadig meir mat til Norge. Vi har ei auke på import av mat og arbeidskraft som byrjar å vise seg ikkje berekraftig. Dette gjer ikkje berre vårt jordbruk sårbart, men også i heile Europa.

Alarmen går no i Europa for korleis det industrialiserte jordbruket har utvikla seg. EU sin jordbrukspolitikk har lønna det intensive jordbruket og det har ført til ein drastisk reduksjon av gardsbruk. I perioden 2005–2016 har det gått frå 14,5 millionar gardar til 10,3 millionar. I Frankrike, Tyskland og Nederland har meir enn 1/3 av husdyr- og fjørfjegardane forsvunne sidan 2005. I Aust-Europa er tala enda større.

The Guardian har ei nettsak den 24. mai 2021 «Færre, større, meir intensive; EU-løfter om å dempe drastisk tap av småbruk». EU sin landbrukspolitikk har ført til at 80 % av tilskota går til berre 20 % av bøndene. Bønder har vore oppfordra til å produsere meir mat for ein kvar pris, ved å bruke kjemisk gjødsel og plantevernmiddel, og bringe husdyr frå små til store flokkar i åker til store fabrikkar. EU-kommisjonær for landbruk, Janus Wojciechowski, innrømmer at EU sin landbrukspolitikk har slått feil. «Støtta var for mykje retta mot industrielt jordbruk og ikkje nok til små og mellomstore gardar», seier han.

Er dette attkjennande? Ja, det vil eg si.

Han seier også at eksport er viktig, men at dei må ta meir omsyn til eigne marknader. Dei vil legge større vekt på korte forsyningskjeder og det vil redusere lange reiser over heile Europa for levande dyr. Reformene dei vil innføre kan stoppe noko av blødinga av småbruk i EU.

Gjenkjenneleg?

Vår eigen statsminister, på spørsmål frå Trygve Slagsvold-Vedum om norsk matvareberedskap, svarar «Kanskje må vi klare oss utan sukkertøy og smågodt i ein krise». Da forstår ho ikkje kor viktig det er med norsk berekraftig jordbruksproduksjon basert på våre vekstvilkår og ressursar og kor sårbare vi som nasjon blir om vi ikkje sikrar eigen matvareproduksjon i større grad enn no.

Regjeringa er meir oppteken av å ha tilgang til EU-marknaden enn å sikre eit jordbruk som stimulerer både små, mellomstore og store bruk. Kvotane for tollfri handel med ost, kjøt og grønsaker har auka fleire gonger etter forhandlingar med EU. I 2020 hadde Norge eit handelsunderskot overfor EU på 44 milliardar kroner for landbrukssvarar! Kva tenkjer eigentleg regjeringa om matsikkerheit, verdiskaping og busetjing?

EU ser også no at dei må snu sin iver etter å liberalisere og industrialisere jordbruket. Denne politikken gjer at landsbygdene blør, folk flytter til byane og i landlege område står det att velståande fritidsbustadar. Dei småe gardane blir overteke av større og i mindre produktive område ligg gardane brakke att.

Gjenkjenneleg? Kanskje, om vi ikkje gjer noko no!

Inga privat næring er så styrt som jordbruksnæringa og Stortingsfleirtalet har ansvaret for kvar vi er i dag og korleis det norske jordbruket skal bli i framtida. Skal vi ha selskapsjordbruk med gjestearbeidarar frå lågkostland uavhengig av arealet til garden, eller vil vi at det skal vere lønnsamt å drive familiejordbruk på basis av norske areal og arbeidsfolk?

Vi er sårbare fordi vi har gjort oss avhengige av både matimport og arbeidskraft. Vi treng ei radikal endring av jordbrukspolitikken og vi treng eit tverrpolitisk jordbruksforlik for å sikre deg og meg rein, sikker og lokal mat i handlevogna også i framtida.

Aud Hove (Sp), fylkesvaraordførar, Innlandet fylke