F(l)y skam

- Vi skal skamme oss for å fly, for å ete kjøtt, for å køyre bil og det er til og med for nokre fy skam å bruke skogen vår.

- Vi skal skamme oss for å fly, for å ete kjøtt, for å køyre bil og det er til og med for nokre fy skam å bruke skogen vår.

Av
DEL

leserinnlegg

Vi skal skamme oss for å fly, for å ete kjøtt, for å køyre bil og det er til og med for nokre fy skam å bruke skogen vår.

Det er eit stort og viktig engasjement for å få ned klimagassutsleppa. Dette har vi sett politiske mål for i både Oppland og Hedmark denne perioden, og vi er berre så vidt i gang med arbeidet. Det å snu vanar og mønster er ei tung skute å snu. Men det må vere faktabasert og berekraftig.

Erna Solberg gjekk ut for nokre år sidan og sa at kupromp er ein klimatrussel. No har det utvikla seg til at vi skal skamme oss for å ete kjøt. Men å importere avokado som er frakta verda rundt til oss rike nordmenn som går i butikken og handlar, det er innanfor?

Vi har drive med landbruk i verda i over 10 000 år, og skal vi mette verdas befolkning må vi nok fortsette å drive landbruk i 10 000 år til. Da må vi produsere den maten vi treng på den måten som naturen der du bur har evne til å produsere det på. Her i Norge har vi lite jordbruksareal og ein liten del av den kan vi heller ikkje dyrke grønsaker og korn på. Det er gras og beiteland over store delar av Hedmark og Oppland. Det er det berre sau og ku som kan nytte. Da får vi kjøt og mjølk. Samtidig får vi no studiar som viser at dette bind karbon i stor grad. Skog i bruk og vekst, bind også karbon.

Kvifor vart det da ikkje ei klimakrise for 1000 år sidan? Folketalet har auka sidan da, men kua rapa og prompa like mykje da som no. Det handlar om vår bruk at olje, kull og gass. Det handlar om vår forbruksvekst. Det handlar om vår globalisering og eit marknadskappløp som fraktar råstoff og varer verda rundt for at vi skal kunne kjøpe billigast mogleg både mat og ting til å fylle opp i kjøleskap og hus.

Vi treng ein debatt om kva som skapar transport, som er den store utfordringa. Det er ikkje sauen som nyttar høgfjellsbeite som er problemet. Det er ikkje skogbrukaren som hogger og planter tre i skogen sin som er utfordringa. Det er heller ikkje reinhaldaren som ikkje har råd til å kjøpe seg elbil som skal gøyme seg bak rattet og skamme seg, og heller ikkje den som er avhengige av ruteflya i Nord-Norge.

Vi treng mindre avsporing med lettvinte løysingar om kven som skal skamme seg. Hedmark og Oppland er rike på fornybare naturressursar. Gjennom å nytte moglegheitene naturen gjev, kan vi redusere utslepp samstundes som vi aukar binding og lagring av karbon. Auka produksjon av fornybare råvarer basert på lokale ressursar er ein viktig del av løysinga på klimautfordringane.

Eg gler meg på fårikål i haust og skal ete den utan skam.

Aud Hove, fylkesordførarkandidat for Sp i Innlandet


Aud Hove

Fylkesvaraordførar (Sp),  Oppland

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags