Gå til sidens hovedinnhold

Fakta, takk - ikkje fake news

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Ordføraren i Lesja svinger slaktekniven over Nortura si handsaming av rolla som samvirke og marknadsregulator i ein kronikk i GD.
Det er i seg sjølv greitt med engasjement, men skal du fyrst ta livet av dyret er det ein fordel å veta om det er ein okse eller ein kylling du skal slakta. Kunnskap og faktaorientering er som regel ein føresetnad for vellukka resultat. Ikkje ein gong ordførarar greier å ta livet frå ein okse med god retorikk og «fake news».

At Nortura sitt vedtak om nedlegging av Otta-anlegget har skapt engasjement er inga overdriving. Eg har følgd debatten frå sidelina, men med utspelet til ordføraren er det naudsynt med opprydding. Mariann Skotte baserer sine påstandar på rykte og synspunkt som ikkje har rot i verkelegheita.

I lesarbrevet skriv ho: «I 1982 kunne en vestlandsbonde fortelle at han fikk ca 46 kr pr kilo kjøtt han leverte til Nortura. På midten av 90 tallet kunne samme bonde fortelle at han fikk ca 27 kr for kjøttet sitt».

Dette er ei god historie, men ho treng ikkje vera sann av den grunn. Her er kalde fakta om prisutviklinga (avrekningspris, korrigert for omsetnadsavgifta) på nokre produksjonar dei siste 12 åra (Kjelde: Landbruksdirektoratet. Tala er frå 5. januar og fram til 20. oktober 2020)

Storfe: Prisauke på 42 prosent, opp frå 34,53 til 49,20 kr/kg
Svin: Prisauke på 54 prosent, opp frå 17,47 kr/kg til 27,05 kr/kg
Egg: Prisauke på 45 prosent, opp frå 13,89 kr/kg til 20,19 kr/kg
Kylling: Prisauke på 16 prosent, opp frå 24,72 kr/kg til 28,73 kr/kg

Budsjettnemnda for jordbruket sin prisindeks underbyggjer tala over og syner ei utvikling som og slår i hel den gode historia til ordføraren. Desse tala er frå 1982 og fram til i dag: Prisindeksen på storfe syner ein vekst på 94 prosent fram til 2019, sau/lam syner ein vekst på 43 prosent, gris syner ei auke på 38 prosent, fjørfe visar vekst på 10 prosent, egg syner ei prisauke på 39 prosent.

Ordføraren skriv at «Dersom Norturaledelsen hadde valgt medlemspleie, fremfor egenpleie, hadde Nortura vært den markedsregulatoren de var tenkt til å være». Eg lyt gjera ordføraren merksam på at produksjonen som har svakast prisutvikling i perioden er kylling, som altså er den einaste produksjonen som ikkje er under Nortura sitt marknadsreguleringsansvar. Påstanden hennar fell difor på si eiga rimelegheit.

Ordføraren skriv vidare: «Derfor kan andre leverandører etablere seg i områder der Nortura har hatt høy markedsandel. Det er markedsregulatoren selv som skaper vekst for nyetableringer innenfor EMV, slakteri og foredling».

Dette er to merkelege setningar. Eg legg ikkje til grunn at folk utanfor næringa er kjend med konkurranseforholda og risikoen i marknaden. Difor er det grunn til å understreka fylgjande fakta som kan setja påstanden i eit anna lys: Me er i ei tid med store utfordringar og endra føresetnader for landbruk og kjøtproduksjon generelt, men særleg for produsentar av uavhengige merkevarer som Gilde og Prior. Endra forbruk og fallande etterspørsel etter kjøt, teknologisk utvikling, importauke og høg konkurranse frå EMV-produsentar som sentraliserer produksjonen til husdyrtette område, har skapt betydeleg press på kostnader og påfølgjande industriell overkapasitet på slakting og skjering.

Dette er grunnen til at Nortura gjer dei grepa dei gjer. Ikkje for å svekkja samvirket, men for å styrka verksemda slik at ho kan ver eit samvirket for bønder i heile landet.

Dette er også grunne til at bankar, investorar og industrien har sagt nei til å byggja eit slakteri på Otta, utan subsidiar frå kommunane i regionen. Risikoen er for høg til at dei våger å ta ho sjølv. Overkapasitet, fallande etterspurnad etter raudt kjøt, import og EMV gjer marknaden krevjande for oss bønder og slakteria. Difor vågar ikkje pengefolket ta risikoen sjølv. Marknaden er for usikker.

Alt for høg risiko er grunnen til at pengefolket ber kommunane om å bruka skattepengar for å betala for et slakteribygg i norddalen. Dette gjer også påstanden om at det er Nortura som skapar føresetnaden for EMV-vekst fullstendig ironisk.

Risikoavlastinga og subsidiane som Regionrådet ber kommunane gje private industrieigarar ender truleg opp i eit slakteri som kjem til å produsere EMV-produkt til varehandelen. Om politikarar i regionen ikkje har nok tankekors å bekymra seg over frå før, så er dette ein soleklår kandidat til søvnlause netter og tvisyn.

Til slutt har eg lyst til å kommentera påstanden frå ordføraren om at styret i Nortura køyrer sit eige løp, lausrivne frå medlemmane sine ynskje. Dette er ein påstand trudde ein tillitsperson i lokaldemokratiet ville halda seg for god for. Om ho hadde sett seg inn i saka, ville ho veta at det er sjølve eigardemokratiet i Nortura som har kravd ein heilskapleg industristruktur for å sikra samvirket for framtida. Dette har vore den klåre meldinga frå to årsmøte i Nortura, og er den klåre tilbakemeldinga frå tillitsvalde i eigardemokratiet i Nortura.

Å påstå at eigarane står med lua i handa, makteslause, er Trump-retorikk av verste sort. Det heng rett og slett ikkje saman med fakta.

Eit egg- og kjøtsamvirke må ta høgde for at samvirket skal varetakast både i kommunane nord for Rudshøgda, og i alle kommunane utanfor Gudbrandsdalen. Difor legg Nortura om industristrukturen, og difor investerer Nortura i nye arbeidsplassar knytt til foredling og merkevarebygging på Otta. Det er framsynt og det er samvirkelojalitet i praksis. Omstilling er sjølvsagt vanskeleg når me står midt i ho, men eg er overtydd om at denne endringa er til det beste for oss bønder, for samvirket og kommunane i norddalen.

Bjørn Magnus Tordhol, Lesja, regionsutvalsleiar i Nortura