Fanga sjeldne sommarfuglar ved Gjendebu

Apollosommarfuglen er rekna som truga, og absolutt ikkje lov å fange.

Apollosommarfuglen er rekna som truga, og absolutt ikkje lov å fange.

Å fange truga sommarfuglar i Jotunheimen er ikkje lov. Nå får truleg to danskar med seg ei bot over Skagerak.

DEL

Det var denne veka politiet fekk tips om to danskar som flaug rundt i fjellheimen og fanga sjeldne sommarfuglar.. Blant dei som var i samlinga var apollosommarfugl som er freda i Noreg.

Apollosommarfugl har hatt ein stor tilbakegang her i landet dei siste åra, og vart freda for 30 år sidan. Den er ulovleg å eksportere til og importere frå Noreg.

Danskane fanga fleire titals sommarfuglar, og politiet seier at dei to kan vente seg ein straffereaksjon.

Les mer:

Artikkeltags