Oppvekst-, kultur- og omsorgsutvalget vedtok i møte mandag 12.september at kulturprisen 2022 går til Ragnhild Utgaard Smette (f. 1943).

Statutter for kulturprisen i Dovre kommune

Kulturprisen for Dovre deles ut av oppvekst-, kultur- og omsorgsstyret. Prisen tildeles den person, verksemd eller organisasjon som har bidratt til å fremme kulturlivet i Dovre og elles gjort seg fortent til prisen gjennom kulturell innsats for bygda.

OKO utpeker prisvinneren, og er ikke bundet av innkomne forslag. Kulturprisen deles ut annet hvert år, og alternerer med Dovregubbens pris. Prisen er et diplom innramma i en treramme (utskåret- emblem), og en sjekk på kr. 5000,-

Ragnhild Utgaard Smette har i mange år vært danseinstruktør i Dovre folkedanslag. Ragnhild har vært opptatt av å lære bort dans som en del av kulturarven i Gudbrandsdalen. Hun har gjort et uvurderlig arbeid for unge og voksnes trivsel og danseglede i Dovre, i bygdene rundt og i Gudbrandsdalen.

Ragnhild har vært instruktør i gamaldans siden 1974. I 48 år har hun ledet dansekvelder hver uke i gamaldans. Dovrespringleik, pols, turdansar og songdansar. I tillegg har hun holdt nybegynnerkurs for et utvalg nye dansere som har vært innom Dovre folkedanslag for en kortere eller lengre periode, skriver Anethe Kleven, kulturkonsulent Dovre kommune/ kulturskolerektor Lesja og Dovre kulturskole i en pressemelding.

Fra nominasjon av kandidat til kulturprisen

Ragnhild Utgaard Smette (f.1943) er danserettleiar i Dovre Folkedanslag. Dette har ho vore heilt frå 1974 – altså i 48 år.

Gjennom alle desse åra har ho leia dansekveldane kvar veke i gamaldans, Dovrespringleik, pols, turdansar og songdansar. I tillegg har ho halde nybegynnarkurs for eit utval av nye dansarare som har vore innom laget for ei lengre eller kortare periode. Ikkje berre kurs, men ho har og gjeve individuell rettleiing i forkant av/under dansekveldane.

Dei siste åra har ho halde kurs for elevar på Hjerleid og teke seg spesielt av dei. Fylgd dei opp slik at dei har vorte drevne dansarar. I mai i år vart desse ungdommane OG ho lyfta fram, både for deira ferdigheiter, og Ragnhild vart heidra for viktigheiten av å føre denne tradisjonen

vidare. I 15 år arrangerte Dovre Folkedanslag festar på Dombås der dei beste gruppene frå landsfestivalane (Ulens Kvintett/Nye Ringnesen) spelte. Ragnhild var primus motor og kontaktperson til laga frå m.a. Møre og Romsdal, Hedmark, Trøndelag, Oppland; ja- faktisk frå heile sør Noreg. Ho hadde ansvaret for desse festane – og ho leia alle festane som hadde frå 150 – 230 deltakarar.

Dovre Folkedanslag deltok og under åpningen av OL-94. Det var Ragnhild som stod for innøving / rettleiing for Dovre folkedanslag. I tillegg var det ei gruppe frå laget som underheldt under Super-G, Kvitfjell. Denne gruppa vekte interesse hos dei internasjonale TV-selskapa. Dessutan var det denne gruppa som vart valt ut til å stå for underhaldninga i VIP-teltet for dei mest prominente gjestane/kongelege. Programmet var sjølvsagt laga av og innøvd med Ragnhild.

Dovre Folkedanslag har gjennom åra deltatt med danseprogram på festivalar i USA, Litauen og Polen. I Tyskland har folkedanslaget under leiing av Ragnhild deltatt i arrangement i regi av m a Regionrådet i Nord Gudbrandsdal og Dovre kommune i samband med vennskapskommunen Gronau.

Ein kan og nemne at ei gruppe frå Hannover i fleire år gjesta laget vårt for å heve sin kompetanse i nokre folkedansar. Ragnhild var ei viktig brikke her og. I fleire år har laget deltatt med dans under Folkemusikkmessa i Dovre kyrkje, og laget har vore med på lokale tilstelningar på sjukeheimen og for innvandrarar.

Folkedanslaget har og fleire gonger vore ein av deltakarane når Dovre kommune har hatt ansvaret for St.Hansfeiringa på Maihaugen. Siste gong var i 2019.

I 2014 under Grunnlovsjubileet på Hjerkinn var og Folkedanslaget representert. Spelemenn fra Oppdal som deltok på folkemusikkmessa i 2016, inviterte Dovre Folkedanslag til å danse i Oppdal kyrkje hausten 2016. Også i alle desse høve er Ragnhild primus motor ved å lage program, øve inn og leie framsyningane. Ragnhild arbeidde som lærar ved Lesja skule i 40 år. Der organiserte ho og rettleia dansegrupper for elevane. Ei av gruppene underheldt i Hafjell under OL, og ei gruppe underheldt på eit av landsskytterstemna på Lesja. Sistnemnte fekk og litt tid på Dagsrevyen.)

Gjennom alle desse åra har alderssamansetjinga i laget vore svært variende - frå 14 til over 80 år. Ragnhild får alle til å føle seg velkomne, og ho klarer alltid å sette saman eit program der alle kan delta om ein har vore med eit eller veldig mange år.

Ragnhild Utgaard Smette har lagt ned særs mykje av si tid / fritid i så mange år for å styrke / fremme folkedansen.

Folkedansen er avhengig av slike på grunnplanet for å kunne føre denne kulturarven vidare slik at den ikkje går i gløymeboka.

Utdeling av kulturprisen 2022 vil arrangeres høsten 2022.