Fellesgode – kva er det?

PENGEBRUK: Politikarar må slutte å tåkelegge prioriteringar med begrep som fellesgode når valet står mellom til dømes å bruke skattepengane på rike skiløparar, eller å redusere eigenbetalinga for SFO eller fjerne startkontingenten på barneskirenn, skriv Håvard Teigen.

PENGEBRUK: Politikarar må slutte å tåkelegge prioriteringar med begrep som fellesgode når valet står mellom til dømes å bruke skattepengane på rike skiløparar, eller å redusere eigenbetalinga for SFO eller fjerne startkontingenten på barneskirenn, skriv Håvard Teigen. Foto:

Av
DEL

AKTUELT
Etter kommunevalet har det oppstått ein diskusjon om kva «fellesgodefinansiering» er for noko. Bakgrunnen for diskusjonen er at det nye fleirtalet i Lillehammer vil bruke fellesgodefinansiering for å støtte opp om «store idretts- og kulturarrangement». Arrangement har interesse i heile regionen og det kan vere viktig å avklare diskusjonen.

Først. Kva er eit fellesgode? Andre namn på fellesgode er kollektive gode eller offentlege gode (engelsk «public goods»). Fellesgode er innan samfunnsøkonomi gode som er ikkje-rivaliserande og ikkje-ekskluderande – det vil si at godet ikkje blir brukt opp og at ein ikkje kan stenge nokon ute frå å bruke godet.

Desse to kjenneteikna ved eit fellesgode gjer at det oppstår eit finansieringsproblem. Når eit gode ikkje er knapt (altså ikkje blir brukt opp), er det vanskeleg å ta seg betalt. Når det i tillegg er umogleg å stenge nokon ute, er det meir eller mindre uråd å få inn pengar frå kundane.

Dette kjenneteiknet ved fellesgode gjer at alle er samde om at fellesgode må skattefinansierast. Dei klassiske eksempla på fellesgode er forsvar, politi, brannvesen, fyr-vesen, vardar og lover og reglar.

Fagleg skil vi mellom ulike typar økonomiske gode som: Private gode, klubbgode og fellesgode. Privatgode er vanlege varer og tenester som vi betaler for som kundar. Privatgode er det motsette av fellesgode.

I Norge er ei vanleg misforståing at også utdanning, helsevesen osv. kjem inn under denne faglege definisjonen av fellesgode. Men dette er privatgode fordi ein kan finansiere det frå eigen pengepung. Å finansiere dette over skatt er eit politisk val.

Derimot er finansieringa meir kontroversielt for klubbgoda. Eit klubbgode har på same måte som fellesgode det kjenneteiknet at det ikkje blir oppbrukt gjennom bruk, men ein «klubb» har ikkje plass til alle og kan lukke dørene eller sette opp gjerder, slik at alle som ynskjer å kome innafor må betale.

Slike klubbgode kan altså fullfinansierast gjennom inngangspengar og er derfor eit privatgode, men når det er plass til få betalande på «klubbarenaen» kan godet ofte ikkje finansierast med billettinntekter. I slike tilfelle trengs sponsorar – og det er alltid meir eller mindre kontroversielt om kommunen og/eller staten skal bruke skattepengane som sponsor.

Etter denne gjennomgangen av kva eit fellesgode er, blir det klart at ein må skilje mellom fellesgodefinansiering og fellesfinansiering. Det er ei rekkje tiltak som den einskilde ikkje kan stable på beina sjølv, men som kan finansierast av private næringsdrivande i fellesskap.

Destinasjonsselskapa rundt omkring er bygd på at dei som nyt godt av dei tilreisande, finansierer felles marknadsførings- og produktutviklingsselskap. Stat, fylke og kommune er i ulik grad med å finansierer slike selskap.

Arrangement kan drøftast innafor denne analyseramma av ulike typar gode.

Arrangement er definitivt ikkje eit fellesgode og begrepet «fellesgodefinansiering» av festivalar bør ikkje brukast. Arrangement er eit vanleg kommersielt privatgode, men med meir eller mindre karakter av å vere eit klubbgode. At det ikkje kjem nok betalande tilskodarar er i og for seg ikkje noko argument for offentleg finansiering.

Dersom privat næringsliv som nyt godt av tiltaket vil finansiere det, er det noko anna. Det er normalt berre positivt at private aktørar går saman om fellesfinansiering av tiltak alle er tent med.

At arrangement gir skatteinntekter eller ringverknader, er heller ikkje eit tilstrekkeleg argument for skattefinansiering. Skatten skal brukast på velferds- og fellesgode.

Politikarar må slutte å tåkelegge prioriteringar med begrep som fellesgode når valet står mellom til dømes å bruke skattepengane på rike skiløparar, eller å redusere eigenbetalinga for SFO eller fjerne startkontingenten på barneskirenn.

Håvard Teigen, professor, Lillehammer

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags