Flaumen 2020 og orakelet i Ringebu

Ein del av Rudivollen, tidlegare flaumskogmark der Frya renn ut i Laugen.

Ein del av Rudivollen, tidlegare flaumskogmark der Frya renn ut i Laugen. Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg

Det er imponerande kor mange flaumekspertar vi har i Gudbrandsdalen. Ein av dei fremste er visstnok Erik Winther, i alle fall i eigne auga. Han kom med sitt steintøffe bodskap i GD 14. mai. Seks dagar etter ville Gunnar T. Stenseng vise at han ikkje er mindre tøff. Og begge skriv i kjent stil, Stenseng ved hjelp av fleire sitat frå den store læremeister og orakel i Ringebu. Winter og Stenseng har nemleg knallsikker kunnskap som tilseier at dersom ein tek ut grus i Frya, ja, så vil ein hindre ein viktig del av dei store skadane som årets varsla flaum kan føre til. Men så er ikkje fagfolka hos NVE eller Fylkesmannen samde og gir ikkje løyve til dette, fordi «noen små, små byråkrater…. og synsere leker med oss».

Mens sjefane deira «sitter stille i en krok ... Låser døra og sier dette er ikke mitt bord ... noen har gjømt seg.» Og når «skrivebordssliterne i NVE og hos Fylkesmannen» konkluderer med at grusuttak truleg ikkje vil påverke flaumskadane, seier Stenseng at dette «er uttrykk for rein dumskap, at byråkratane røper at de ikke har skjønt det som folk i dalførene har observert hvert år.» Heilt til slutt blir Stenseng skikkeleg tøff: «Hadde det vært noe tak i ordførerne i Midtdalen, hadde de gitt blaffen i både fylkesmannen og NVE, rekvirert gravemaskiner og lastebiler for lengst og rydda plass for vannet.»

Nei, fagfolka i NVE og hos Fylkesmannen, sjefane deira og dagens politikarar blir ikkje levna mykje ære! Det er ikkje fyrste gongen, og det blir sikkert heller ikkje siste gongen at desse to karane slår på stortromma og argumenterer i sterke ordelag, på ein slik måte at folk med andre meiningar blir hardt stempla eller latterleggjort. For mange er det ganske pinleg at tidlegare ordførarar skriv så mobbande. Det er ikkje eit godt førebilete for yngre generasjonar. Og ikkje blir det særleg freistande for andre å delta i debatten. Men det var kanskje heller ikkje meininga?

Av og til finst det likevel og heldigvis enkelte fagfolk som vågar seg utpå. Biolog Morten Kraabøl er eitt eksempel, som i GD 23. mai peikar på eit interessant poeng: Er det slik at kommunane dei seinare åra har gitt løyve til næringsareal og bygging nærare elva enn tidlegare? Er dette ein viktig årsak til at skadane av flaumane blir større i dag enn tidlegare?

Og da kan vi hente fram den fine reportasjen frå Frya som Kari Utgaard hadde i GD same dag. Her går det fram at nettopp på Frya industriområde, like ved utlaupet av elva Frya i Laugen, vart det i desember 2019 avskoga eit område (Rudivollen) på 40 dekar med flaumskogmark av høg kvalitet. Her vart fleire raudlista planter registrerte i 2018, med status «verdi svært viktig». Nå er mykje av dette borte, og arealet skal fyllast opp som industriareal med steinmasser til eit nivå som skal hindre at flaumen når opp. Her går altså 40 dekar tidlegare flaumskogmark tapt, som vel må føre til at elva i ein flaum stig enda meir. Samtidig har vi fått enda eit eksempel på tap av biologisk mangfald.

Ein kan gruve seg til ein mogleg storflaum i Gudbrandsdalen i år, men enda mykje, mykje meir bør ein gremme seg over at det heller ikkje her er teke konsekvens av dei største trugslane verda i mange år nå har stått overfor: tap av biologisk mangfald og klimaendringar. Ekstra stuss kan ein bli når ein les intervjuet med varaordførar Kristin Teigen i Ringebu i same GD-reportasje. Her fortel ho at reguleringsplanen for Frya industriområde vart vedteken i 1984. I den planen var Rudivollen avsett til industriareal. Nå er planen nyleg rullert. «Da var det vurdert at dette (arealet) fortsatt skal være næringsområde, ... overordna myndigheter hadde ikke innsigelser til dette.» Teigen seier vidare at kommunen er godt kjent med dei biologiske registreringane som vart gjort i 2018, men at det er motstridande omsyn. Nye næringsareal veg tyngst, mens «miljøkonsekvensene er ikke noe Frya næringspark har vurdert.» Men reguleringsplanen er kommunal, så kommunen må da ha vurdert dette?

Sett på bakgrunn av det veldige fokuset som den siste tida har vore på uttak av grus i Frya for å avgrense flaumkonsekvensane, verkar det uforståeleg at arealet på 40 dekar flaumskogmark har vorte godkjent for rasering i 2019/20, noko som truleg vil auke konsekvensane av ein flaum.

Arne Skuterud, Nord-Fron, pensjonist, tidlegare bitte liten byråkrat

Flomsikring må bygge på kunnskap

Miljøvifte til stort besvær

Ei varslet og villet katastrofe

Artikkeltags