Gå til sidens hovedinnhold

”Flott og urørt natur”

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Eg spente på meg fjellskia og tok turen «Valsfjell rundt» på vestsida i Sør-Fron. Sør-Fron som er ein vakker og god kommune å arbeide i, bu i og vekse opp i.

Det er ein fantastisk fin dag vermessig sett. Herifrå har eg utsikt mellom anna mot dei mektige toppane i Rondane i aust. I vest er det enda tøffare toppar. Galdhøpiggen, Glittertind og Store Skagastølstind er alle meir enn 2400 m.o.h., og mange fleire ruvande og ville fjell inni Jotunheimen. Eg drøymer med langt dit inn. Det er der i vest at eg har mine røter, men hamna i Sør-Fron og Midt-Gudbrandsdalen. Her er det lunare landskap og meir produktiv skog.

Eg snur meg sørover i retning Håkåseter, mitt favoritt terreng nesten på høgde med den ville og vakre Bøverdalen i Lom.

Skogrik og fager ligg den der Håkåseterdalen
Her er gran- og furuskog
Her er bjørk og rikt på vier
Her er brisk og lyng og bær
Det er naturleg at elgen trivst inni her

Eg vender deretter nasen i austleg retning, mot Skjerhellkampen. Kva er det som festar seg på netthinnene mine da? Eit tidlegare produktivt fjellskogområde som er tettpakka av hytter i alle variantar. Dei eldste som nærast små krypinn, til palass i mange millionarklassen. Eg ser også mot Fefor, Kvitfjell, Varden og Skei, og der har også fjellskogen måtte vike plassen både for fattige og rike.

Urørt natur: kva er definisjonen på det rundt Gålå, Kvitfjell og Skei?

Gunnar Hansen, Sør-Fron