For dei som produserer mat er det motiverande, viktig og trygt å ha nærleik og tett kontakt med slakteriet

Bygdekvinnelaga i Ottadalen meiner det vil vera meiningslaust om slakteriet på Otta ikkje blir vidareført.

Bygdekvinnelaga i Ottadalen meiner det vil vera meiningslaust om slakteriet på Otta ikkje blir vidareført. Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg
Bygdekvinnelaga i Lom, Skjåk og Vågå ynskjer å vise at vi støttar kampen for å bevare Nortura sitt slakterianlegg på Otta.

Det har vore stille i media siste tida om denne kampen, men det er nå prosessen i styrerommet til Nortura går for fullt, og om kort tid skal framtida til slakterianlegget på Otta bli bestemt.

Vi ynskjer fortsatt at det blir sett fokus på kor viktig det er at dette anlegget her, midt i Nord-Gudbrandsdal, får drive vidare og såleis vise korleis norsk matproduksjon skal vere: Kortreist, miljøvennleg og med beste kvalitet. Slik vil vi har det.

Lom, Skjåk og Vågå Bygdekvinnelag støttar fullt og heilt lokal verdiskaping, og som forbrukarar har vi makt når vi handlar «stuttreist « og «lokalt».

For dei som produserer mat er det motiverande, viktig og trygt å ha nærleik og tett kontakt med slakteriet. På slakteriet er det umissande kompetanse! Slakteriet er ein stabil arbeidsplass med svært gode resultat.

Vi har ikkje råd til å miste dei 70-80 arbeidsplassane i regionen vår. Skjer dette, vil det få negative ringverknader og konsekvensar i våre lokalmiljø som det blir vanskeleg å rette opp att. Dette ynskjer vi slett ikkje !

For Lom, Skjåk og Vågå Bygdekvinnelag er det meiningslaust at det midt i eit viktig område i landet med betydeleg husdyrproduksjon, er til behandling å leggje ned eit veldrive anlegg. Det er vi sterkt i mot.

Lene Andersen-Gott, Lom, Skjåk og Vågå Bygdekvinnelag

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags