Gå til sidens hovedinnhold

Forakt for liv

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Ti år etter at terroren slo brutalt ned i Norge, er det naturleg fyrst og fremst å minnast ofra og dei som stod dei nær; men nedslagsfeltet har rekkjevidde langt ut over dette, kanskje som ein trussel mot det ein kallar sivilisasjon, eit menneskjevenleg samfunn.

Det var naturlegvis arbeidarrørsla som var fremste skyteskive, men og alle som kunne oppfattast som «medløpere» i å opne portane for det som blir framstilt som ei muslimsk bølgje, og går inn for at kulturar kan leve side om side (multikulturalisme), noko som ofte blir framstilt på kostnad av den særnorske.

Forakt kan kome til uttrykk på mange måtar, sjølv om ein fellesnemnar kan vera mangel på respekt for noko anna. Sjølv om det vi kallar biologisk rasisme, som var typisk for utryddinga av andre folkeslag under Andre Verdskrigen, nok er den mest brutale, finn vi mange avleggjarar av ulike slag i dag, til høgre og venstre i det politiske landskapet. Forakt for svakheit kalla vel moralfilosofen Harald Ofstad, det som kunne kjenneteikna ei nedvurdering av andre, som hos verdskjende romanforfattarar i vårt eige land. Ei slik haldning kan gå på ein skala frå å oversjå til i ytste konsekvens i ein utryddingsleir.

Det er vel kanskje ikkje fyrst og fremst styrke dei utstrålar desse som så inderleg kan hate andre, av ulike grunnar. Det er vel heller ofte uttrykk for utilstrekkjelegheit og avmakt, sannsynlegvis fryktar dei inst inne seg sjølve, og vil ikkje så godt tole ein open, fordomsfri debatt i ope dagsljos.

På same tid må ein ikkje vera blåøygd og tru at slike krefter let seg vippe av pinnen utan vidare. All fordekt rasisme, som bl.a. kjem til uttrykk blant nett-troll, kan vel sannsynlegvis berre nedkjempast gjennom kunnskap og danning, og dette med å lære gagns folkeskikk gjennom skule, vaksne, foreldre og ulike institusjonar, er nok særs viktig.

Ei ti års markering vil stå i takknemlegheitsgjeld til dei som ofra livet, i annleislandet Norge, som fredens utpost i ei ufredeleg verd. Dei kunne umogleg sjå korleis verda skifta scene over natta; i alle fall vil tapperheita og motet dei viste stå som ei tydeleg rettesnor i kampen mot urett og lygn. Kampen for det rette og sanne er det ingen som har fasit eller patent på, men finst i eit eller anna skjeringspunkt, og føregår i ein uredd diskusjon mellom krefter som ønskjer eit oppbyggjande liv, på tvers av nedbrytande forakt.

Hans Sandviken, Vinstra