Så skjer det på nytt. Politikarane snur. I alle fall nokre av dei. I Øyer stemte fleirtalet mot eit nytt hyttefelt. Demokratiet tok eit val. Bra. Eit augneblink med kortvarig glede.

Men kva skjer etter eit sterkt press frå utbyggar, investorar,-ja alle som tener pengar på raseringa av naturen. Dei som legg beslag på beiteområde og øydelegg for all framtid. Denne makta klarer ikkje politikarane å stå imot. Kvifor?

Kva slags makt har dei som tener på hyttebygging? Er det å hele tida dra kortet om arbeidsplassar som er avgjerande? Visst ja, da må det byggjast hytter i alle fjell. Vil folk ha det slikt? Eller er det korrupsjon eller venneteneste?

Eller er Plan og bygningslova så svak at det berre gagner dei som tener aller mest på å øydeleggje for norsk mat på norske ressursar. I så fall er det helt på tryne. Må berre stille spørsmålet, er verkeleg kommunane kompetente til å ha forvaltningsansvaret for utmarka?

At politikarane i Øyer ikkje ser til Lom, der gjorde dei stikk motsett. Tydeleg at landbruk og natur tel. I nokre kommunar da, det er håp. Det står stor respekt av slikt. Demokrati på sitt beste. Og ikkje minst, dei har forstått at ein ikkje blir mett av å eta pengar. Bra.

Tilbake til Øyer. At Norge i framtida vil trenge både mat og busetjing, ikkje minst i beredskapssamanheng, er sikkert ikkje interessant. Ikkje før det er for seint. Kjem ikkje langt med ein haug med hytter når ein er svolten og ingen mat å få kjøpt. Det kan skje, faktisk.

At Norge skal opp til 50 % sjølvforsyning på norske ressursar bryr heller ikkje fleirtalet av politikarane i Øyer seg noko om. Etter at dei som skal tene mykje og raske pengar har jobba i kulissene. Er det demokrati? Får håpe statsforvalteren i Innlandet snart ser strengare på hyttebygging.

Gudbrandsdalen har enn så lenge mange husdyr som skal ut på beite. Da er det viktig å ha område som dyra får ha i fred for hytter og sinte turistar. Statsforvalteren har moglegheiter til å gjere tiltak. Om dei vil da.

Til slutt, hyttebygging fører og til auka kostnader for alle fastbuande i kommunen, hyttene skal ha vatten, kloakk og helsevesen. Dyrt i dag det.

Arne Garborg skreiv: Du kunne ha lomma full av pengar, og svelte, tyste, fryse i hel- om det ikkje var mat og drikke og klede å få.

Ole-Petter Berget, leder i Utmarks utvalet i Norsk Bonde og Småbrukerlag, Nord-Fron