Frå koronakrise til klimakrise

Av
DEL

lesarinnlegg

Koronakrisa er vonleg snart ferdig med fyrste runde, og vil fort bli gøymd bort som eit vondt minne i menneskets fortid.

«Ingen kunne forutse denne pandemien», skreiv avisene, underforstått at da kan heller ingen seiast å ha eit fnugg av skuld i ei utvikling som gjev grobotn for slike epidemiar.

Men ikkje alle er heilt samde i det. I boka: «Dette forandrer alt. Kapitalismen mot Klimaet,» (norsk utgåve; Oktober forlag, 2014) tek den kjende kanadiske forfattarinna Naomi Klein eit grundig oppgjer med dagens skremmande tru på turbokapitalismens bruk-og-kast samfunn. Gjennom meir enn 450 tunglesne sider slår ho fast at måten menneske i alle land forbrukar naturens ressursar på ikkje er berekraftig. Det er ho knapt den fyrste til å hevde, men med konkret konsekvens listar ho også opp dei katastrofar livsstilen vår kan føre med seg. På denne lista ligg nettopp pandemi høgt oppe saman med ekstremvêr som tørke, flaumar og tornado, mangel på ferskvatn, dyrkbar jord og naturøyding.

Bøkene til Naomi Klein har vorte oppfatta som bibeltekster av ei vettskremd miljørørsle og fordømd som urealistiske dommedagsprofetiar av vekstpolitikarane som styrer Verda. Men utan ei total endring i måten vi forbrukar naturen på, øydslar med energi og fyller lufta, landjorda og havet med søppel står, ifylgje Klein katastrofane i kø i menneskeslektas nære framtid!

I alle land er det ein styrande elite menneske (mest menn!) som har ei nærast religiøs tru på ein evig økonomisk vekst bygd på fossile brennstoff og eit aukande forbruk av natur og ressursar. Konsekvensane av ein slik politikk blir fornekta av ein ivrig gjeng med «klimarealistar» og neglisjert av eit vanetenkjande politisk fleirtal som ynskjer «business as usual» så lengje dei sjølve trur dei kan behalde maktposisjonane sine.

Stuttsynet styrer som kjent verda, og Naomi Klein syner at vekstpartia i «demokratiske land» som USA, Russland og India nyttar den same resepten som oss, med diktaturstatar av ymse valørar sjeldan er plåga av reell opposisjon. Andre konsekvensar for samfunnet er tydelege: -sterkare konsentrasjon av kapital på få hender, ein eksplosjon av menneske i stadig tettare byar og raskt minkande område på Jorda som ikkje er teki i bruk av Homo Sapiens og til fortrengsel for alle andre artar.

Det skortar som kjent ikkje på mannskap på romskipet vårt, vi nærmar oss 8 milliardar og nettoauken pr. dag er meir enn talet på alle døde i koronakrisen så langt i hop att!

I boka Stein på Stein (Aschehoug 2018) er den norske geologen og forskaren Henrik H. Svensen «på sporet av den største masseutryddelsen i jordens historie.»

I avsnittet «Jorden etter oss» skriv han at «Før den industrielle revolusjonen slapp mennesket ut omtrent tre millioner tonn CO2 i året. Rett etter annen verdskrig økte utslippene til 1200 millioner tonn. I 2014 slapp vi ut 35 000 millioner tonn CO2.»

Koronakrisa har sett alle land eit lite hakk bakover i forbruksutviklinga. I staden for å løyve nye milliardar til oljeboring og «utvikling» av urørte naturområde til nye pengemaskiner vonar eg at dei mange vekstpolitikarane nå ser skrifta på veggen: Nok er nok for ein stressa klote. Nå er det vi som må tilpasse våre liv til Jorda, eller kapitalismen som må tilpassast klimaet og naturens avgrensa ressursar.

Torgeir T. Garmo, Lom

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags