Gå til sidens hovedinnhold

Framtidssatsing

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Hallvard Grotli er «Aktuell» i fredagens GD, med tankar om nye arbeidsplassar. Illustrasjonsfotoet er av ei gruppe i DevOtta.

Å dæven, tenkjer eg, der er det noko eg ikkje har fått med meg, kva står «Dev» for? Like «omkome» blir eg når han meiner det trengst ein campus på Otta heller enn eit nytt slakteri. Eg veit ikkje kva ein campus er ... Så han har sikkert rett i at utviklings- og kommunikasjonsyrke trengst.

Eg blir nesten skamfull av at eg ikkje har greidd å følgje med i utviklinga, og nå forstår eg at eg er heilt ute når det gjeld kommunikasjon også, da eg ikkje forstår «nynorsken». Eg kunne jo «gugla» det, såpass har eg fått med meg. Men det var ingen som lærte meg å korkje gugle eller noko anna «datisk» da eg vaks opp. Difor har andre interesser overdøyva trongen til skjermen, og det er så vidt eg heng med på samfunnskarusellen.

Slik så driv eg framleis som «småprodusent» av kjøtt, skin og ull. Ja, det er da lov å sjå litt stort på det som Grotli gjer ... Koronatida har elles gjort mitt «smålege» yrke godt. Fokus på lokal, norskprodusert mat, steig betrakteleg her sist mars. Vi på småbruket har behalde alle dei om lag hundre tilsette i fjøset. Vi arbeider alle «på golvet», men dei skal ein sjølvsagt ikkje lytte til. Så årsak meg, men eg måtte berre nemne det.

Så eg må nok til å tenkje nytt omkring arbeidsplassar. Kva med eit «frysetørkeanlegg» for oss gamlingar, som lykkelegvis for samfunnet etter kvart skal ut av tida? Det er ein nyskapande, sikkert miljøvenleg måte å bli kvitt restane av oss på, styrt frå ein skjerm. Eller det kan tilsetjast arbeidsfolk utanfrå, slik som Grotli fortel at dei lyt på Rudshøgda.

Fride Gunn Rudi, Ringebu