Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Laurdag 7. mai hadde eg eit innlegg i GD med bakgrunn i ei preike far min heldt i Vingrom kapell 13. mai 1945. Ei fridomspreike.
Men ved ein inkurie i avisa vart det noko rar språkblanding i innlegget.
Saka er den: Stol aldri på eit retteprogram.
Eg skriv jo nynorsk, akkurat som far min, Bjarne Norheim gjorde når han sto fritt. Men på preikestolen i Ottestad og i Vingrom maidagane 1945, preika han på bokmål. For som offentleg tilsett tok han sjølvsagt skikken dit han kom.
Derfor var preika hans, og David-salmen, gjengitt på bokmål i det innsende innlegget mitt, mens mine kommentarar var på nynorsk. Det vart for mykje for eit stakkars retteprogram og ein desk i GD.
Eg skuldar Bibelens David og ikkje minst far min såpass at eg opplyser om dette. For far min er jo kjend for mange her som ein dugande nynorsk skribent, ein habil omsetjar og diktar av salmar og vers.
Ein David-salme i Vingrom kapell
Den som vil lesa David-salme 124 på korrekt kristeleg bokmål eller nynorsk, kan slå opp i Bibelen. Den står i bokhylla, ligg på nettet eller på nattbordet.
Olav Norheim, forfattar, Norderhov