Her hopper Eirik (24) ned fjellsida på ski og vinn rennet

Eirik Schjølberg (innfelt) gjekk heilt til topps under frikøyringskonkurransa i Engadin i Sveits laurdag. Sjå video frå vinnar-runnet nede i saken.

Eirik Schjølberg (innfelt) gjekk heilt til topps under frikøyringskonkurransa i Engadin i Sveits laurdag. Sjå video frå vinnar-runnet nede i saken. Foto:

Eirik Schjølberg (24) frå Vågå gjorde sine saker svært bra da han køyrde ned fjellsida i frikøyringskonkurranse i Sveits i helga.

DEL

– Dette var veldig artig og godt. Eg hadde ikkje noko konkurransar i fjor som følger av skade, så det var godt å sjå at eg har noko der å gjere. Dette er ei konkurranse som er kvalifisering til Freeride World Tour, seier Schjølberg.

Laurdag gjekk vagværen heilt til topps i konkurransen som gjekk føre seg i Engadin i Sveits. I løpet av runnet sitt hoppa han og tok ein baklengs salto i løpet av runnet nedover fjellsida.

– På grunn av store mengder snø som kom torsdag og fredag vart det berre ein konkurransedag og den store sida kunne ikkje køyre som følge av rasforhold. Eg klarte meg bra, og hadde ei god kjensle, seier Schjølberg.

    Som einaste nordmann i skikøyringa gjorde han sakene så bra at han gjekk til topps. Frikøyringsmiljøet frå Vågå og Lemonsjøen har opp gjennom åra fostra mange gode køyrarar – nå kan Schjølberg bli ein av dei neste store.

    – Måla mine for sesongen er å ha det artig på ski, bli betre og vinne konkurransar, seier Schjølberg.

    Her jublar Eirik Schjølberg etter å ha gått heilt til topps i konkurransa.

    Her jublar Eirik Schjølberg etter å ha gått heilt til topps i konkurransa. Foto:

    Les også: Her ligg Eirik (24) etter at han fekk hjelmen knust i snøskred – Åge Vegard (41) frykta for tryggleiken til redningsmannskapane

    Les også: Frikjørere fra Vågå hevder seg i verdenstoppen – nå har de fått sin egen TV-serie

    Les også: Vagvær til topps i frikjøringscupen

    Les også: Risvoll trodde han skulle dø etter marerittkrasjen

    Artikkeltags