Friskular  

Av
DEL

lesarinnlegg I eit oppslag i GD er det referert til ein samtale eg hadde med ein journalist i avisa, der det er nemnt både friskule og friskulelova. Vil be om spalteplass for å forklare litt om grunnen til at nemninga friskule blir brukt i denne lova, og ta med litt om innhaldet i lova.

Før hadde vi privatskulelova, men den vart endra frå 1.08.2015 til friskulelova. Den vesentlegast endringa som vart gjort var at lova fekk ein heilt ny formålsparagraf. Og som vi veit, formålsparagrafen er vesentleg når det gjeld ei lov. Og det er nok med grunnlag i denne paragrafen at lovmakarane har kome fram til nemninga «friskole». Og den lyder nå slik: « §1-1 Formålet med lova. Formålet med denne lov er å medverke til at det kan opprettast og drivast frittståande skolar, slik at foreldre og elevar kan velje andre skolar enn dei offentlege, jf. menneskerettsloven § 2 nr. 2.»

Menneskerettsloven er «Lov om styrking av menneskerettighetenes stilling i norsk rett», vedtatt i 1999. Denne lova må vel framstå som ei av dei minst omfangsrike av alle lovene i vårt lovverk, med berre 6 paragrafar. Den stadfestar på mange måtar berre fleire, både europeiske og internasjonale, konvensjonar om menneskerettane, og gjer dei rettskraftige i landet vårt.

Formålsparagrafen i friskulelova er ei nesten direkte avskrift av delar av eit punkt i Den internasjonale konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettigheiter, vedtatt av FN`s Generalforsamling den 16. des. 1966.

I artikkel 13. punkt 3. Står følgjande: «Konvensjonpartene forplikter seg til å respektere foreldres og, når det er aktuelt, vergers frihet til å velge andre skoler for sine barn enn dem som er opprettet av offentlige myndigheter,…….»

Den nemnde formålsparagrafen er den vesentlegaste årsaka til at eg brukar ein del av fritida mi til å skape eit alternativ til den offentlege skulen i norddalen. Vi som arbeider med friskular gjer det ikkje for å tene oss rike, for i lova sin § 6-3 står det slik: «Alle offentlege tilskot og skolepengar skal koma elvane til gode. Dette inneber mellom anna at skolen ikkje kan gi utbytte eller på annan måte overføre overskot til eigarane.» Vidare er det gjennom ein økonomiforskrift gjeve klare føresegner til korleis ein kan disponere eit eventuelt overskotet internt i selskapet.

Mange synes nok at det er unødvendig å opprette og drive slike alternative skular. Til dei som meiner det vil eg berre stille følgjande spørsmål: Kvifor skal ikkje barna her oppi Ottadalen ha dei rettane som er nedfelt i FN sin konvensjon om menneskerettane?

Torstein K. Garmo, styreleiar i Klones montissoriskule SA



Artikkeltags