Køyrer du mykje og meiner drivstoff er for dyrt? Eg er einig i at drivstoff er dyrt no, og vil minne om at Senterpartiet kutta i avgiftene for 2022. No har likevel kostnadsauke generelt i verda gjort at pumpeprisen stig. Frp ropar høgt, men vil heller ikkje fjerne momsen. Renta vart dessutan sett opp meir enn venta, som GD og skriv på leiarplass 24. juni.

Høgre og Solberg-regjeringa la fram budsjettet for 2022 fyrst i oktober, før regjeringa vart bytta ut med Senterparti-Ap-regjeringa. 8. november la ny regjering fram viktige justeringar, deriblant kutt i vegbruksavgifta for diesel med 26 øre og bensin med 22 øre samanlikna med kva Solberg-regjeringa foreslo.

Frp flyg no rundt i hevdar dei ville gjort så mykje meir. Nyleg hadde Stortinget forslag om dette til handsaming, og eit nær samla Storting vil ikkje sette ned drivstoffavgiftene: Ap, H, Sp, SV, R, V, MDG og KrF (Dok. 8:150 S, jf. Innst. 265 S). Frp foreslår ikkje ei fjerning av momsen, men vil følgje med på korleis prisane utviklar seg vidare.

Vi i Senterpartiet er opptatt av å kutte i avgiftene til folk, og vil gjere meir av det når det ikkje gjev fare for å fyre oppunder prisveksten og gje norske hushaldingar ytterlegare rentehevingar. I dagens situasjon prioriterer vi:

1. Å styrke den militære og sivile beredskapen vår.

2. Å få ned skilnadane på tvers av kva folk tener og kor dei bur. Difor har dei som tener under 750 000 kroner fått mindre i skatt, barnehageprisane er redusert og dei som pendlar og tar ferjer har fått mindre rekningar.

3. Å få ned straumrekningane på kort og lang sikt.

4. Å unngå ein større renteoppgang enn varsla. I stramme økonomiske tider er det ekstra viktig for heile Noreg at Senterpartiet styrer.

Det manglar arbeidskraft i fleire næringar samtidig som vi har den lågaste arbeidsløysa i Noreg sidan 2008, og ei internasjonal råvarekrise, er det lite tilgjengelege ressursar i norsk økonomi. Det er mangel på arbeidskraft og innsatsvarene er dyre. Det er den krevjande situasjonen vi står i som gjere at vi må halde igjen på pengebruken. Når det er mangel på ressursar som er årsaka til høge prisar vil tilførsel av meir pengar berre gje høgare prisvekst – ting vil bli endå dyrare, og renta vil stige endå meir. Vi må halde att på den offentlege pengebruken for å unngå å fyre oppunder prisveksten. Ein større prisvekstspiral kan gjere at Noregs Bank må sette opp styringsrenta meir enn det dei allereie har varsla.

Vi er på gjeldstoppen i Europa. Større renteaukar er difor den største trusselen for økonomien til mange norske hushaldingar, næringsdrivande og kommunar. Straum er ei anna stor utgift. Difor har regjeringa prioritert å innføre ei straumstønadsordning ut mars neste år. På same tid som vi jobbar med varige grep som fastprisavtale, kontroll over straumeksporten og tilgang på meir fornybar kraft. Næringar som blir råka hardt av prisauke på innsatsfaktorar følgjer vi med på – sjølvsagt – og vil sjå vidare på korleis vi kan bidra til arbeidsplassar og verdiskaping vidare.

Marit Knutsdatter Strand, stortingsrepr. (Sp), Oppland