Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Nå er det for stri høgrevind i landet. I åtte år har H og Frp vore i styringa og AP og SP i to år. Eg hadde håpa at vinden ifrå høgre snart ville snu. At AP og SP ville snu skuta, men slik gjekk det ikkje, dei gjekk ned i spagat.
Matkøane blir lengre og lengre i by og land. Boligprisene stig til himmels og helsestellet står på hell. Den matjorda som ikkje gror att blir asfaltert og landbruket er nedtynga i gjeld. Det som skulle bli betre blir verre og verre dessverre.
Etter åtte år med H og Frp i leiinga vart alt verre for «vanleg folk». AP og Sp trudde løysinga var å fri både til høgre og venstre, og veljarane vart berre meir og meir forvirra. Så her er det mange som har sove i timen. Alt for lite protest frå grasrota, meg sjølv inkludert.
Til slutt har eg eit vers etter Ivar Aasen, til AP sentralt:
Til lags åt alle kan ingen gjera,
det er no gamalt og vil så vera.
Eg tykkjer stødt, at det høver best
å hjelpa den, som det trenger mest.
Svært skuffa over valet i Noregs land.
Marie-Lise Krukhaug, Heidal