Fullt tog og ingen alternativ 

VY SVIKTER:  Kvifor har VY ikkje noko samarbeid med busselskap, spør innsendaren.

VY SVIKTER: Kvifor har VY ikkje noko samarbeid med busselskap, spør innsendaren. Foto:

Av
DEL

Leserinnlegg

Førre veke skulle eg bestille togbillett for ei reise sundag 13. oktober. Eg føler eg er ute i god tid. Vertsdotter mi kjem til Lillehammer kl 15 og skal vidare til Lesja.

Det fyrste ledige toget oppover går kl 20.48. Eg føler at dette er uaktuelt å ta, det er skule dagen etter. Ho vil måtte gå inn på eit utseld tog kl 16.10, og truleg blir det ståplass heile vegen, sidan det er utseld to veker før datoen.

Vy manglar tydelegvis materiell. Ein slik sundag burde dei kunne ha ekstra avgang eller eit dobbelt så langt tog. Eller dei kunne ha sett opp bussar. Det ville eit busselskap med førehands-tinging ha gjort.

Kvar er det det buttar? Kvifor får ikkje Vy kjøpt det dei treng av materiell? Kvifor har dei ikkje noko samarbeid med busselskap? Eg er sikker på at til dømes Lesja Innkjøpslag har bussar som står i garasjen.

Mange foreldre ville nok køyrt og henta borna sine i i en slik situasjon som vi er i. For meg er det absurd å reise 36 mil når det skal vera eit togtilbod.

Kven har ansvaret, og vil einkvan gjere noko med dette?

Marit Tynnøl, Lesja


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags