Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
«Ingen stader i Norge har fleire sterke merkevarenamn enn oss: Lillehammer, Rondane, Jotunheimen, Dovre, Hafjell, Kvitfjell, osv. Men over det heile skin eit namn i gullskrift: Gudbrandsdalen! Det må vi ta på fullt alvor»
Med denne oppfordringa innleia avisa GD ein kommentarartikkel attende i 2015. Orda utløyste finstemt samspel: Hausten 2017 spelte Gudbrandsdalen Musikkfest opp for fyrste gong med topp artistar frå Lillehammer i sør til Dovrefjell i nord. Ambisjonen? Å skrive Gudbrandsdalen i gullskrift. Tufta på innsikta og inspirasjonen frå GD sin kommentar: «Vi er alle døler. Det er først når vi begynner å diskutere vår felles egenart og våre felles muligheter at dørene vil åpne seg. At vekst vil komme»
Sidan har Gudbrandsdal Musikkfest finstemt og framoverlent lirka opp dører og slått ned musikalske skott på ei rekke nye område: Musikkfesten er ein av få i Noreg som sidestiller dei to musikkformene klassisk musikk og nordisk folkemusikk. Musikkfesten gir lokale musikktalent høve til å spele saman med og la seg inspirere av topp artistar av internasjonalt snitt. Musikkfesten inviterer til konsertar og festmåltid på nyskapande arenaer med særpreg og topp kvalitet.
Under mantraet «Folkeleg klassisk møter klassisk folkemusikk» har Gudbrandsdal musikkfest etablert seg som haustens høgdepunkt for eit stadig veksande publikum av døler, hyttefolk og tilreisande. I fjor benka eit rekordpublikum på 700 seg for å oppleve kringkastingsorkesteret KORK og ei rekkje lokale talent og toppartistar i Tinde hytter sin fabrikkhall på Vinstra. Mottakinga var overveldande: «I dag vågar vi påstanden at hundrevis av døler har det litt annleis inni seg enn dei hadde før helga», skreiv GD på leiarplass: «Det er lett å tenkje at nokon kanskje har det litt betre, til og med. At dei er litt nærare seg sjølve, på eit vis. Kjenner seg heime. Og kjenner på rikdom utan tanke på kva dei eig og ikkje eig (…) Andre vil kjenne ei sitrande røynsle ved å vera ung og ha stått på ei scene for fyrste gong»
Siste fredag i september vil kulturminister Lubna Jaffery opne den fjerde utgåva av Gudbrandsdal Musikkfest under Tindekonserten. Over tre eventyrlege dagar vil Gudbrandsdalen by på 10 toppkonsertar i heile dalføret – gjort mogleg gjennom eit interkommunalt lagarbeid dalen aldri før har opplevd maken til: Begge lokalbankar, to regionråd, kraftselskap og heile åtte kommunar har begeistra støtta til Gudbrandsdal Musikkfest som speler opp med storslåtte Tindekonserten siste helg i september. I vissheita om at vår felles identitet er
Gudbrandsdalen og gudbrandsdølar. Uløyseleg og historisk er vi knytt saman. Det må igjen bli vår felles stoltheit og vår felles styrke.
Bjarne Slapgard, på vegne av styret i Gudbrandsdal Musikkfest