Gå til sidens hovedinnhold

Gammal lekse om igjen

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Så var vi her att. Kommunedirektøren i Lesja har kome med eit forslag om å greie ut samanslåing av ungdomstrinna (GD.no, 27.11.20). Dette vil i realiteten bety nedlegging av ungdomstrinnet på Lesjaskog.

Livsløpsutvalet (30.11.20) og Formannskapet (2.12.20) har handsama saka; Livsløpsutvalet strauk, med 4 mot 1 stemmer, innstillinga om at “Kommunedirektøren utreder muligheter og konsekvenser av å slå sammen skolenes ungdomstrinn.” Sp-representanten stemte for utgreiing.

Formannskapet har derimot stemt for kommunedirektørens innstilling, og vil ha utgreiing. Nå skal saka opp i kommunestyret. Sp-representanten som stemte for ei utgreiing, meiner at ein “bør lytte til ungdomstrinnet selv” (Vigga.no, 2.12.20). Når ein les referata frå møta i ungdomsrådet attende i tid, finn ein ingen uttale om ønske av endring av skulestruktur.

Utdanningsforbundet ved Lesjaskog skule undrar seg over at dette atter er eit tema. 13.06.19 var denne saka sist oppe. Da var det ingen av partia som gjekk inn for nedlegging. Så kva for faktorar har endra seg på 18 månader? Kommunestyret er akkurat det same, og det er rart om representantane no er for ei nedlegging som dei før var mot.

Lesjaskog skule leverer framleis frå seg elevar med svært gode resultat. Lesjaskog skule scorar framleis bra på undersøkingar om trivsel. Lesjaskog skule har framleis kompetente tilsette. Lesjaskog skule har svært liten andel spesialundervisning. Det er ingen pedagogiske grunnar for å legge ned ungdomstrinnet på Lesjaskog. Skulen er framleis ein viktig faktor i nærmiljøet. Skulen er ein av få arbeidsplassar vest i bygda der det er krav om høgskuleutdanning. Og; det ER framleis like langt frå lengst vest i skulekrinsen til Lesja sentrum. Det tek framleis ein time i buss, ein veg. Ein veg som ikkje er av dei tryggaste, ein veg der det kan kome veldig mykje snø på kort tid, ein veg der det er veldig mykje tungtransport. Jo lenger tid dei tilbringer på denne vegen, desto fleire tunge køyrety vil dei møte.

Det som faktisk har endra seg sidan juni 2019, er at kommunen har gått inn med pengar på ei stor satsing på Bjorli. Dette kjem til å gi mange arbeidsplassar, som vonleg vil føre med seg tilflyttarar, tilflyttarar som vil ha tenester i nærleiken av der dei vil bu. Det er svært kortsiktig å legge ned ungdomsskulen på Lesjaskog, når det er vest i kommunen det blir satsa. Noko anna som har endra seg, er prisen på skuleskyss. Kommunen vil måtte betale vesentleg meir om elevane skal bussast langt.

I juni 2019 vedtok kommunestyret mange tiltak for å spare pengar. Desse tiltaka må bli gjennomført før det blir aktuelt med nye, strukturelle tiltak. Per nå er det fleire av desse som ikkje er gjennomført.

Vidare meiner vi at dersom ungdomstrinna skal bli slått saman, ein kan tenke å samle 5.-7. klasse på Lesjaskog. På den måten får ein utnytta lokala og personalet på ein god måte. Det går også an og sjå på skulekrinsane. Kan ein flytte på desse, slik at fleire elevar soknar til Lesjaskog? Gevinsten er to meir like skular.

Vi håpar kommunestyret droppar utgreiing av skulestruktur. Vi vil bruke tida vår på å drive skule.

Heidi B Thorsplass, Utdanningsforbundet ved Lesjaskog skule