GLITTERHEIM: At det har vore ein kald sommar er vinterruta opp til Glittertind eit bevis på.

– Det brukar å liggje litt snø på vinterruta, men at det er så mykje så langt ut i august er særs uvanleg, seier Knut Vole frå Glitterheim turisthytte.

- Veldig godt besøk i august

Folk hatt store opplevingar på romperacer ned frå tur opp til Glittertind og diverse andre vinterutstyr. Han melder om fantastiske opplevingar ved å gå på denne årstida. Det har vore ein kald sommar, og Vole trur mange har trudd det har vore skiføre til fjells.

– For vår del har vi hatt omtrent same besøk som i fjor, men slik det ser ut nå blir august ein veldig god månad for oss. Det trur eg kjem av at mange har venta med å gå i fjellet etter det dårlege vêret, seier Vole.

Snøen ligg ned til 1.500 meter over havet

Han trur turisthytter som ligg lenger nede har nytt godt av at snøen ligg høgt til fjells. Dette har ført til at fjellfolket heller har reist dit enn å dra opp til Glitterheim.

– Det er veldig gode forhold å gå Glittertind. Det er bart omtrent opp til brekanten, men på vinterruta ligg snøen heilt ned til 1.500 meter, seier Vole.