Gå til sidens hovedinnhold

Lesja gir 50.000 til utgraving i fjellet

Artikkelen er over 3 år gammel

LESJA: Formannskapet i Lesja har samrøystes vedteke å gje 50.000 kroner i støtte til dei arkeologiske utgravingane som er planlagt i fangstanlegget "Verket" på Slådalen.

Utgravingane skal skje til sommaren i regi av Kulturhistorisk museum. Ansvarleg for utgravingane er professor Brit Solli ved Universitetet i Oslo. Restane av det eineståande fangstanlegget vart påvist av Tor Einbu, Lesja/Otta.

Lesja kommune brukar midlar av Kraftfondet til å støtte utgravingane. Utbetalinga skjer når første feltrapporten blir levert innan 1. november i år.

Les også: Får 2,9 millioner til reiserute villrein frå Lom til Hjerkinn