Audun Høgbrenna får Lesjas kulturpris for 2018

PRISVINNAREN: Forfattar og lyrikar Audun Høgbrenna (87) er tildelt Lesjas kulturpris for 2018.

PRISVINNAREN: Forfattar og lyrikar Audun Høgbrenna (87) er tildelt Lesjas kulturpris for 2018. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Lesjas kulturpris for 2018 er tildelt Audun Høgbrenna (87). I 1981 delte han kommunens kulturgåve med Lesjaskog skyttarlag som var hundre år.

DEL

LESJASKOG: – Innsatsen hans etter den tid er så omfattande at vi meiner han no bør heidrast med å få kulturprisen for Lesja aleine, framhevar medlemmane i Livsløpsstyret som utpeika vinnaren av kulturprisen i sitt møte tysdag kveld.

Les også: Audun (87) er her med si femte diktsamling

NY BOK: Rolf Sørumgård i Lesja historielag overleverte den siste diktsamlinga til Audun Høgbrenna i sommar.

NY BOK: Rolf Sørumgård i Lesja historielag overleverte den siste diktsamlinga til Audun Høgbrenna i sommar. Foto:

Har gjeve ut fem diktsamlingar

Grunngjevinga for vedtaket er denne:

Audun Høgbrenna som i dag bur på Lesjaskog er meir enn ein "amatørdiktar" som det stod i grunngjevinga i 1981. Han er forfattar av fem diktsamlingar, den siste kom no i sommar. Han har gjeve ut fire samlingar av gode og autentiske historier frå bygdene i Gudbrandsdalen, alle med tittelen "Ordhittug døl", og han har gjeve ut boka "Tømmerfløyting i Gudbrandsdalen", ei eineståande kulturhistorie frå ei tid og ein transportmåte som aldri kjem att.

I tillegg til det som er publisert, har Høgbrenna forfatta ei mengd prologar og leilighetsdikt, men mange av desse er dessverre gått tapt.

Mange av dikta hans er tonesett og blir brukt i lyd og lag i Lesja. Lesjasangen var nemnt i 1981. Seinare er fleire songar komne til, mellom anna julesongen "Julekveldsbilete" som er mykje brukt av skulane og barnehagane.

Frå Fjell og vidde

I 2010 vart 14 av Audun Høgbrenna sine dikt tonesett og framført av Evy Nygaard Ernsteen. Framføringa vart spela inn på CD som fekk namnet "Viser frå Fjell og vidde".

Under «Markens Grøde» i 2013 arrangerte ungdomslaget Verdandi forstillinga "Ordhittug døl – med glimt i auga og dikt på tunga" som var bygd opp kring tekstar av Audun Høgbrenna. Det var Tor Ziegler, skodespelaren Kim Haugen og Marit Skotte frå revygruppa i ungdomslaget som fekk ideen til førestillinga. Prosjektet vart forankra i ungdomslaget, og Kim Haugen utvikla førestillinga saman med ei gruppe som hadde teatererfaring frå ungdomslaget. I tillegg fekk dei med seg Lesja og Lesjaskog songkor og barn og ungdommar frå bygda. Kim Haugen hadde regien, og dei hadde dessutan med seg profesjonelle folk til å skrive manus, på scenografi, lyd, lys og musikalsk leiing. Dette vart ein særs vellykka kombinasjon av profesjonelle fagfolk og dyktige amatørar og det gav oss ei glitrande førestilling som fylte kulturhuset på Lesja til siste rad tre gonger.

Etter oppdrag frå sokneprest Jorunn Raddum forfatta Høgbrenna ei samlingsbøn til bruk i kyrkja i 2013.

Artikkeltags