OSLO/LESJA: Avdem Gardsysteri og Avdemsbue på Lesja vart fredag ettermiddag tildelt prisen «Årets lokalmatgründer 2017». I tillegg fekk Avdem to gullmedaljar i NM Gardsost.

– Berre det å bli nominert blant dei fremste i landet var fantastisk. Å gå heilt til topps betyr enormt mykje for oss, seier Sigurd Avdem som tok imot gründerprisen saman med Åse Haugstad Avdem og Anna Haugstad Avdem.

Les også: Anna på Avdemsbue leiar kampen om gründerpris

Åse og Sigurd starta gardsysteriet i august i 2005. Anna opna Avdemsbue i 2015, og har tidlegare motteke ein gründerpris for den landskjende nyetableringa.

Les også: Dette er årets Askeladder kåret av Norges Bondelag

Familiebedrifta tok imot gullmedalje for pultosten frå Avdem, og osten «Fjelldronning».

Les også: Gull-ost frå Lesja

– Dette er kjempestort. Gull for produkta stadfestar at det er gode produkt vi leverer, og at vi er på riktig veg i utviklingsarbeidet.

– Gründerprisen stadfestar det same. I tillegg til at vi lukkast med våre produkt, viser den at vi har oppnådd knoppskyting, og vi er i god utvikling også økonomisk, seier Sigurd Avdem.

Les også: Ost frå Alpane blir ysta på Lesja

– Mange er opptekne av det som vil skje med Avdemsbue. Blir det nybygg?

– Vi er i startgropa med ein reguleringsplan. Gjennom det arbeidet blir alle interessene ivareteke. Vi er avhengig av grønt ljos frå vegvesenet for å få reist eit nybygg som ein arkitekt skal hjelpa oss med.

– Vi må sjølvsagt ta vare på den gamle butikken. Det er den som er unik, og vi vonar at det i løpet av hausten blir avklart om vi får kjøpe bygningen, seier Sigurd Avdem.

Prisen Årets lokalmatgründer vart overrekt av landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Les også: Sofia kom til fjellbygda med grønsakproduksjon

Les meir frå arrangementet i Oslo:

Kvitost frå Fana er kåra til Årets produkt

Det var Ostegården i Fana ved Bergen som stakk av med den aller gjevaste prisen under årets nasjonale ostemønstring. Ein vellagra kvitost med namnet «Fanaosten» fekk høgaste plassering av alle dei 147 påmelde produkta.

Det er organisasjonen Norsk Gardsost som står bak den årlege tilskipinga «Noregsmeisterskap i lokalforedla mjølkeprodukt», som går av stabelen i Oslo denne veka. Vinnarane vart offentleggjorde frå scenen under matfestivalen Matstreif på Rådhusplassen fredag.

Eit mangfald av norske ostar
I alt vann 24 produkt gullmedale, 28 sylv og 29 bronse, fordelt på ulike klassar. Det var med produkt frå i alt 51 ulike produsentar, spreidde over heile landet.

Både Årets produkt og ei lang rekkje andre ostar er utstilte på Norsk Gardsost sitt 15 meter lange ostebord på Matstreif. Her kan ein både sjå og smaka på mangfaldet av norske ostar.

Liten tvil om vinnaren
Under NM vart alle dei påmelde ostane vurderte i kvar sin jury, ein for kvar type ost. Ein ost frå kvar klasse gjekk så vidare til ein superjury på seks personar som skulle velja ut Årets produkt. Her var det liten tvil om at det var «Fanaosten» som måtte få den gjevaste prisen, fortel domarane. Dei la mellom anna vekt på at osten har fin, jamn farge, og ei rein lukt utan noko bi-lukt. Det talde også i positiv retning at osten har utprega krystallar av mjølkesalt, som er danna i mogningstida av osten. Smaken er skildra som ein fin balanse av søtsmak og saltsmak.

Glad vinnar
Det er ein svært glad vinnar Jørn Hafslund i Ostegården i Fana som tek mot meldinga om at osten hans er «Årets produkt».

- Det er kjempegøy at me endeleg har greidd å få til eit slikt produkt, seier han. - Det har vore lang tid med mykje arbeid og prøving og feiling, fortel Jørn.

Vinnar-osten vert laga i ostehjul på 75 kilo. Det siste året har dei laga 9 slike hjul, og reknar med å kunna auka til eitt i månaden i framtida.

Jørn Hafslund yster all mjølka frå dei 12 kyrne på garden i Fana i Bergen, i tillegg kjøper dei inn ein del mjølk gjennom TINE. Det er omlag 5 årsverk på garden og i osteproduksjonen.

Formålet med NM i Gardsost – handverksforedla mjølkeprodukt
«Eit årleg NM skal auka merksemd og gje meirsalg av lokalforedla mjølkeprodukt. NM skal gje konstruktiv fagleg bedømming for å heva kvalitet og status på gode produkt og å profilere Norsk Gardsost. NM skal inspirere nye og noverande produsentar og skape ein fagleg og sosial møteplass. NM skal premiere dei beste mjølkeprodukta og syne mangfaldet av kvalitetsprodukt til forbrukarane.»