Premien og blomster til Anna på Bue

HER ER PRISEN: Eit glimt frå den formelle overrekkinga av pris og premie, diplom og blomster til Anna Haugstad Avdem. Redaktør Kjersti Myhre (t.h.) saman med Torbjørn Skjeppe og Lars Erik Lundby. Foto: Vidar Heitkøtter

HER ER PRISEN: Eit glimt frå den formelle overrekkinga av pris og premie, diplom og blomster til Anna Haugstad Avdem. Redaktør Kjersti Myhre (t.h.) saman med Torbjørn Skjeppe og Lars Erik Lundby. Foto: Vidar Heitkøtter

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LESJA: – Vi er kjempeimponert. Her oser det av historie. Her tør dei tenkje nytt, seier redaktør Kjersti Myhre  på besøk hos Anna Haugstad Avdem på Avdemsbue.

Tida er komen for den formelle overrekkinga av prisen Årets Landlige Spire med diplom, blomster og premien på 15.000 kroner.

– Ein del av premien til Anna, er ei rådgjevingssamtale med Landkreditt Bank, fortel Kjersti Myhre som tok turen til Lesja saman med Torbjørn Skjeppe og Lars Erik Lundby i banken.

Sjarmert i senk

– Det var veldig hyggeleg å få møte Anna. Vi vart kjempeimponert over det ho har fått til. Butikken hennar sjarmerte oss i senk. Maken til særprega stad skal du leite lenge etter, seier redaktøren i blada Lev Landlig og BoligDrøm.

Anna Haugstad Avdem tok gjestane med på omvisning også på ysteriet. Det tok familien Avdem i bruk sommaren i 2005.

Satsa sju millionar

Meir enn sju millioner kroner har familien satsa, og den store suksessen vart toppa i sommar med gjenopninga av Avdemsbue, og prisen til initiativtakaren, Anna på Bue.

Les også: Anna (24) vann gründerpris

Avdemsbue i Norge Rundt 

Artikkeltags