– Bygdalista sit med nøkkelen i Vågå

Ein Gunstig situasjon: Meiner partileiar for Bygdalista i Vågå, Ivar Valdvik. Foto: Arkiv

Ein Gunstig situasjon: Meiner partileiar for Bygdalista i Vågå, Ivar Valdvik. Foto: Arkiv

Artikkelen er over 4 år gammel

Dei politiske forhandlingane i Vågå held fram. Vågå Sp sin partileiar meiner Bygdalista sit med nøkkelen.

DEL

Vågå: Bygdalista forhandlar både med Ap og Sp.

– I augeblikket er vi i konstruktive samtalar båe med Sp og Ap. Vi har eit nytt møte med Ap i kveld, og eit nytt møte med Sp i morgon, seier partileiar i BL, Ivar Valdvik.

Gunstig situasjon

Valdvik seier BL arbeider for å få plass ei plattform for dei kommande fire åra som inneber samarbeid anten med Sp eller Ap.

– Kven samarbeidet blir med er heilt ope per dags dato. Vi kom i ein gunstig situasjon og det er vi takknemlege for. Vi håpar vi kan bringe positivitet for innbyggjarane og regionen ut av dette, seier Valdvik.

 

Sit i forhandlingar i Vågå 

 

Håper på avgjerd

Partileiar for Vågå Ap, Sverre Damstuen, håpar på ei avgjerd om det blir samarbeid med BL eller ikkje i løpet av onsdagskvelden.

På spørsmål om Ap vurderer Sp som eit alternativ, seier Damstuen at han ikkje personleg ser for seg Sp som ein samarbeidspart for Ap.

Damstuen seier resultatet av møtet med BL i kveld avgjer kva Ap gjer vidare.

Partileiar for Vågå Sp, Ove Turtum, seier dei ikkje har kome fram til noka løysing, men at dei har hatt eit møte med BL ser positivt på. Og at dei skal ha eit nytt møte med BL torsdag kveld.

– BL sit med nøkkelen, seier Turtum. På spørsmål om samarbeid med Ap er eit alternativ for Sp, svarer Turtum at det ikkje har vore diskutert.

Slik blir kommunestyrene

Sjekk sammensetningen i alle kommunene

* Øyer

* Gausdal

* Ringebu

* Sør-Fron

* Dovre

* Lom

* Lillehammer

* Lesja

* Nord-Fron

* Vågå

* Sel

* Nord-Fron

* Skjåk

* Sør-Fron

Artikkeltags