67 hjorteviltpåkøyrslar i Skjåk i 2017

Stor viltfare: Det har vore fleire ettersøk etter påkøyrt hjort i Ottadalen hittil i vinter. Nå meiner Solstad at noko må gjerast.

Stor viltfare: Det har vore fleire ettersøk etter påkøyrt hjort i Ottadalen hittil i vinter. Nå meiner Solstad at noko må gjerast.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

I fjor vart det påkøyrt 67 hjortevilt i Skjåk kommune.

DEL

Ifølgje opplysningar frå Skjåk kommune er det fleire enn nokon gong tidlegare.

I den mørke tida

 Hjorteviltet er i størst aktivitet den mørka tida på døgnet, særleg morgon og kveld.

Det er størst risiko for påkøyrslar i vinterhalvåret da det er mørkt store delar av døgnet, og meir snø høgare i terrenget.

Da kjem hjorteviltet ned i dalbotnen for å finne mat, og for lettare å kunne ta seg fram.

60 prosent døyr

Ifølgje opplysningar frå Skjåk kommune vil om lag 60 prosent av hjorteviltet som blir påkøyrt døy eller bli avliva som fylgje av påkøyrselen, 30 prosent blir friskmeldt, medan rundt 10 prosent blir ikkje funne att.

Artikkeltags