Gihlemoen med skivebom om fylkesvegar i Innlandet

SVIKTANDE GRUNNLAG: Aud Hove skriv at Truls Gihlemoen i Innlandet Frp kritiserar fylkeskommunen på sviktande grunnlag knytta til dårlege fylkesvegar.

SVIKTANDE GRUNNLAG: Aud Hove skriv at Truls Gihlemoen i Innlandet Frp kritiserar fylkeskommunen på sviktande grunnlag knytta til dårlege fylkesvegar. Foto:

Av
DEL

Meninger
Truls Gihlemoen, gruppeleiar i Innlandet Frp, seier i GD 9. oktober at fylkeskommunen har sove i timen, noko som vil gjera det vanskeleg for Innlandet å få ekstra pengar frå staten til vedlikehald av fylkesvegane.

Pengane, eller «gavepakka» som Gihlemoen kallar dei, gjeld 100 MNOK som regjeringa vil bevilge ekstra til vedlikehald av viktige fylkesvegar i Norge. Til samanlikning er 100 MNOK tilsvarande det Oppland fylkeskommune årleg har brukt på asfalteringen av fylkesvegane sine. Likevel påstår Gihlemoen at fylkeskommunen ikkje har gjort nok.

Sidan 2015 har Statens vegvesen, på vegne Oppland fylkeskommune, lagt fleire prinsipp til grunn for gjennomføring av vedlikehaldsprosjekt. Vedlikehald skal sjåast i samanheng med vegens funksjon og trafikkmengde. Overvasshandtering og bæreevne skal prioriterast og eksisterande veg skal utviklast og tas vare på.

Oppland fylkeskommune har sidan 2015 bevilga over 400 MNOK ekstra til satsing på vedlikehald av fylkesvegnettet. I tillegg kjem store investeringsprosjekt som blant anna Hellefossen bru og bygging av ny Fv.33 over Tonsåsen. Sidan 2015 har fylkesvegar over heile Oppland fått eit vedlikehaldsløft for nesten 600 MNOK. Årleg «ordinær» asfaltering kjem i tillegg. Dette er på alt frå gjennomgåande regionale vegar med stor trafikkmengde til mindre lågtrafikkerte vegar.

For Senterpartiet er det viktig at også dei mindre trafikkerte fylkesvegane blir prioritert og det er noko vi kjem til å arbeide knallhardt for, kvar einaste dag.

Vi ynskjer alle trafikksikre og gode fylkesvegar. Ei av fylkeskommunen si største oppgåve er å gje innbyggarane i Hedmark og Oppland det. Da er det viktig at vi politikarar har oversikt og kunnskap om og vilje til korleis ein kan få til dette. Det ser foreløpig ut som Truls Gihlemoen manglar det.

Ein fylkespolitikar skal tale innbyggarane si sak og bidra til at blant anna sentrale politikarar forstår prosess og behov i fylkeskommunane.

Innlandet har ikkje fortent ekstra pengar fordi det ikkje finst planreserver og godkjende reguleringaplanar, seier Gihlemoen vidare. På nytt må det stillast spørsmål ved kunnskapsnivået. Det står ingenting i forslaget til statsbudsjett om at det er noko krav om reguleringsplan for å få ekstramidlar til vedlikehald av fylkesveger.

Regjeringa har ikkje ein gong teke stilling til korleis tilskotsordninga skal administrerast. Sidan det er Gihlemoen sine partikamerater som styrer Samferdselsdepartementet på sjuande året, bør det vere ein smal sak å finne ut korleis ordninga skal fungere.

På gjennomgåande og regionale fylkesvegar i Hedmark og Oppland, er det «alltid» behov for vedlikehald og asfaltering. Senterpartiet meiner at dette må vere tiltak som kjem inn under regjeringas «gavepakke» på 100 MNOK.

Vi kan ikkje, som Gihlemoen, seie at vi ikkje har fortent meir pengar. Senterpartiet vil fortsette å synleggjera behov og vise kva vi har gjort. Vi veit at vedlikehaldssatsinga gir gode resultat. Samtidig er det mykje som står att.

Oppland fylkeskommune har vore ein offensiv vegeigar som har tatt opp store lånebeløp for å få kontroll med etterslepet og utvikle vegnettet. Dette har det vore einigheit om tverrpolitisk og dette bør vi jobbe vidare med tverrpolitisk. Vi har ikkje sove i timen, men vore ein aktiv vegeigar. Det same har Hedmark fylkeskommune vore.

Meir enn å kritisere på sviktande grunnlag, bør Gihlemoen jobbe for at Innlandet skal få mest mogleg av «gavepakka» som hans regjering har bevilga.

Aud Hove, fylkesvaraordfører (Sp)

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags