Gje folkemusikken det han treng

DOBBEL: Bjørn Kåre Odde (t.h.) leia Lom til seier i lagspel og vann Open klasse i trio med bror Mads Erik og Øyvind Sandum. Astrid Sulheim (t.v) vart beste døl i fele A med andreplass. 5.-8. august står Lom spel- og dansarlag som arrangør av norsk folkemusikks andre storstemne, landsfestivalen i gammaldansmusikk. I midten Kjartan Haugen Foss, nummer fire i yngste klasse, far Ole Foss og Amund Bjørgen.Foto: Ketil Sandviken.

DOBBEL: Bjørn Kåre Odde (t.h.) leia Lom til seier i lagspel og vann Open klasse i trio med bror Mads Erik og Øyvind Sandum. Astrid Sulheim (t.v) vart beste døl i fele A med andreplass. 5.-8. august står Lom spel- og dansarlag som arrangør av norsk folkemusikks andre storstemne, landsfestivalen i gammaldansmusikk. I midten Kjartan Haugen Foss, nummer fire i yngste klasse, far Ole Foss og Amund Bjørgen.Foto: Ketil Sandviken.

Av
DEL

aktuelt

«Han klarar seg vel alltids, folkemusikken?»

Kor mange gonger har vi ikkje høyrt dette – i diskusjonar med utøvarar frå andre kunstsjangrar er det alltid nokon som blir vist på gangen. For framleis blir utøvarane i den norske folkemusikken og folkedansen sett på som lukkelege dugnadsarbeidarar, som seier seg nøgd med blomar og kringlerestar i staden for honorar og pengar på konto, slik utøvarar i mange andre uttrykksjangrar tek det for gjeve.

Tradisjonskultur er sårbare greier. For anten vi speler langeleik i Valdres eller dansar pols frå Drevsjø kviler tradisjonen i hendene og føtene på fåe menneske. Sjølv om rekrutteringa har vore god i mange år, mellom anna med rekorddeltaking på Landskappleiken i Vågå i år, er framtida avhengig av at sterke familietradisjonar held seg over tid og at frivillige krefter prioriterer musikken og dansen på kveldane. Men sårbare kulturtradisjonar kan ikkje kvile på frivilligheit åleine. Når gamlemor er daud, er også songtradisjonen etter ho borte. Om vi då ikkje har greidd å fange songen på kurs eller med eit lydopptak, eksisterer han heller ikkje.

Mangt frå folkemusikkarven er sikra sidan dei fyrste tok til å samle musikk tidleg på 1900-talet. På voksrull og fonogramrullar finn vi kjelder etter samlarar som Rikard Berge (1881–1969) og Ole Mørk Sandvik (1875–1976). Det siste året har Nasjonalbiblioteket kartlagt lydarkiv i norske museum og arkiv. Omfanget av materiale som korkje er registrert eller digitalisert er svært høgt, og framtida for dette materialet er usikker. Dessutan manglar folkemusikkarkiva godt nok systemprogram for registrering av musikken.

Oppmoding 1: Gje Nasjonalbiblioteket mandat til utvikling av programvare som kjem folkemusikkarkiva i heile landet til gode.

Ei satsing i utdanning, særleg innan folkemusikk, har resultert i ei auke i antalet profesjonelle utøvarar. I skuleåret 2017/2018 var det om lag 50 studentar ved Noregs musikkhøgskole, Ole Bull Akademiet og Raulandsakademiet – alle med eit framtidsmål om å leva av musikken. Dei profesjonelle folkedansarane er òg i vekst med Kartellet og Frikar som dei fremste dansekompania med basis i folkedansen. Men tradisjonskunsten treng eit støtteapparat som gir moglegheiter til nyskaping og kunstnarisk utvikling. I dag er moglegheitene småe og berre sju av dei 500 arbeidsstipenda som Statens kunstnarstipend forvaltar er tilgodesett folkekunstnarar. Kvota speglar dermed ikkje utviklinga i sektoren. Når talet på arbeidsstipend ikkje aukar, og fordelinga mellom kunstsjangrane er konstant, risikerer ein òg at det oppstår konserverande skilje mellom kunstsjangrane, der kunstnarleg utvikling blir isolert til dei uttrykksformene som staten allereie satsar stort på.

Oppmoding 2: Staten bør auke kvota i folkekunstsjangeren til minimum 20 arbeidsstipend.

Kulturutøvarar med tilskott frå staten står lagleg til for hogg. Greier ikkje kulturen seg sjølv, må vi tole at han forsvinn, høyrer vi. Men framtida for folkemusikken er ikkje berre styrd av smakslaukane til meg og deg. I 2006 ratifiserte Noreg UNESCO-konvensjon om immateriell kulturarv. Med konvensjonen kviler det ei plikt på Noreg til å utvikle ein politikk som skal sikre framtida for særskilte kulturuttrykk, og som elles er truga av globalisering og kulturell forflating. Ved å gi gode livsvilkår for eit levande folkemusikk- og folkedansmiljø i Noreg, oppfyller Noreg dei internasjonale pliktene.

Trass i konvensjonstekstar og internasjonale plikter druknar den norske folkemusikken og folkedansen i selskap med dei store musikk- og dansesjangrane. Den kulturelle kapitalen blir framleis investert i den klassiske musikken og kulturen. For folkemusikken og folkedansen er det framleis gratisarbeidande dugnadsfolk som ber miljøet og utviklinga.

Kulturen overlever ikkje på kake og godord åleine

Bortsett frå symbolsk støtte frå Rådet for folkemusikk og folkedans, er arbeidet med seminar og helgekurs, bok- og plateutgjevingar, arkivprosjekt og danseframsyningar tufta på uløna arbeid. Støtta frå Rådet har verka som kvalitetsstempel for mottakaren, men ressursane er minimale, om lag ein million kroner i året, og har vore konstante over lang tid. No må du gje sjangeren det han treng, Trine.

Oppmoding 3: Etablering av Norsk folkemusikk- og folkedansfond – ei ny ordning attraktiv for investeringsselskap og pengesterke gjevarar og med fast påfyll frå staten – til årleg uttildeling på 10 millionar kroner. Ikkje berre vil det sikre realiseringa av stadig nye prosjekt, det vil også stø opp om kvardagen for profesjonelle arrangørar og nyutdanna musikarar og dansarar som skal ut i arbeidslivet.

Kulturen overlever ikkje på kake og godord åleine. Gje folkemusikarar og -dansarar det dei treng, Trine, gje dei gode rammevilkår og løn for arbeidet.

Ole Aastad Bråten, folkemusikar og direktør

Knut Aastad Bråten, folkemusikar og redaktør


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags