Takk vil GD som informerer oss lesarane om den bekymringsfulle situasjonen for barnevernstenesta, som dei fire kommunane i Ottadalen samarbeider om. Kommuneleiinga og politikarane i den einskilde kommune har eit ansvar for ei god og lett tilgjengeleg teneste, og at tilstrekkeleg med økonomiske ressursar vert stilt til råvelde, slik at barn og foreldre kan få hjelp og tryggleik når behovet er der.

Er det tilfredsstillande for dei som har eit lovansvar for denne tenesta i den enkelte kommune berre å få årlege attendemeldingar om korleis ting står til? Det er grunn til å tru at beredskapen må skjerpast. Det å bruke metodikken med å ha «is i magen og vente på auke i dei interkommunale løyvinga» på eit saksfelt der det står om liv og helse for våre barn og unge. kan vel ikkje korkje foreldre eller folkevalde godta.?

Reduksjon i tenestenivået og streben etter å spare pengar ved å slå samans primærkommuneansvar til regionale einingar, kan redusere beredskap og nærleik til å få rask kunnskap om behov for hjelp og støtte. – Sørg for å gje rask og kompetent barnevernsteneste der barn og familiar bur. Gjer primærkommuneansvaret synleg og etterkontrollerbart.

Jarmund Øyen, Garmo