– I samarbeid med andre styresmakter er det funne løysingar for å tryggje bygging og bruk av brua, samtidig som naturverdiane blir sikra, opplyser Statsforvaltaren i Innlandet i ei melding søndag ettermiddag.
Brua skal fungere til ei permanent bru er på plass, truleg mellom 2026 og 2030, og vare i inntil 10 år.

Fylkeskommunen: – Det blir ingen bru i år – det er helt sikkert
Rasa 15. august
Det var på fyrste skuledag, 15. august, at Tretten bru rasa saman, og med det delte tettstaden i to. Arbeidet med å finne ei løysing for ei midlertidig bru kom tidleg på agendaen, og søknad om å få opp ei foreløpig løysing vart sendt 30. september. Denne vart rekna som ufullstendig, og ein revidert søknad kom 21. oktober. Alle nødvendige opplysingar og berekningar var fyrst på plass 27. oktober, hevdar Statsforvaltaren i ei pressemelding sundag ettermiddag.
– Denne saka har vi prioritert høgt, og derfor har vi fått på plass løyvet så raskt, seier statsforvaltar Knut Storberget.
Sjølv om brua skal stå i berre maksimalt ti år, må det til omfattande prosjektering, dokumentasjon og godkjenning, for å sikre at denne toler vêr og vind, og ikkje lir same skjebne som sin forgjengar.
Samtidig er det eit fuglefredingsområde, noko Statsforvaltaren har måtte ta omsyn til i si vurdering.

Midlertidig bru om seks måneder og permanent om 11 år: – Håpløst, en uholdbar situasjon
Usikkert tidsperspektiv
Det folk på begge sidene av Gudbrandsdalslågen lurar aller mest på er kva tid ei ny bruløysing kan vere på plass, slik at livet på Tretten kan normalisere seg. Statsforvaltaren har ikkje noko klart svar på det, anna enn at det er ynskjeleg å byggje den midlertidige brua snarast mogleg.
– Av omsyn til både naturverdiar, HMS og flaumfare bør brua vere ferdig før vårflaumen, og det er derfor gjeve vilkår om at alt arbeid i vatn må vere fullført før 15. april 2023.
Før helga kom Innlandet fylkeskommune med ei utgreiing om kva arbeid som må gjerast før ei bru kan vere på plass. For å halde denne oppe må tre eksisterande berande punkt byggjast om, og det må byggast to heilt nye pilarar i elva.
Fylkeskommunen har avtale med vegvesenet om å leige ei beredskapsbru som kan monterast på til saman fem berande pilarar og landkar. Brua får eitt køyrefelt, med eiga gangbru på yttersida, skilt frå bilane med rekkverk.
Håpet er at arbeidet kan byrje i månadsskiftet november/desember, og dei varslar at det vil ta mange veker før arbeidet med å montere sjølve brua kan ta til.
Før bygginga skal starte må også NVE, Øyer kommune og Vegdirektoratet kome med sine godkjenningar.

Foreldre på Tretten bakside er bekymret før vinteren
