Grenselaus fylkeskommunal arroganse

Reiselivsbedrifter, som ikkje organiserar seg innanfor frå før sterkt offentleg finansiert destinasjonsselskap vil ikkje berre bli systematisk sveltefôra av fylkeskommuna, men også bli forbigått i krisetider, skrivar Tor Valdvik.

Reiselivsbedrifter, som ikkje organiserar seg innanfor frå før sterkt offentleg finansiert destinasjonsselskap vil ikkje berre bli systematisk sveltefôra av fylkeskommuna, men også bli forbigått i krisetider, skrivar Tor Valdvik. Foto:

Av
DEL

LeserinnleggI Innlandet fylkeskommune si nye krisepakke, blir reiselivet i ei av kongerikets mest attraktive turistkommunar tilgodesett med kroner 0,-. Fylkesordføraren seier i beste sendetid på NRK Østnytt at bedrifter som ikkje sluttar rekkjene bak det frå før sterkt offentleg subsidierte Nasjonalparkriket Reiseliv ikkje kan vente seg nokor utstrakt hand frå fylkeskommuna under hans leiing.

I GD førre veke kunne ein lesa eit svært godt innlegg forfatta av dagleg leiar i Visit Jotunheimen, Mari Arnøygard Wedum. Ho gav uttrykk for stor frustrasjon på vegne av reiselivet i ei av Norges mest populære reiselivsbygder, Lom, som ikkje blir tilgodesett med ei krone av fellesskapets midral. Dette er grunngjeve med at dei ikkje er del av det regionale destinasjonsselskapet, Nasjonalparkriket.

I Østnytt måndag kveld fylgde NRK opp saka og bad fylkesordførar Even Hagen om kommentar. «Det kan vera greitt (å ikkje vera del av fellesskapet) på godvêrsdagar, men du må vera del av eit større fellesskap om du skal vera med å få dei midlane som vi har til rådigheit.» Les gjerne det sitatet ein gong til. Her framstår Hagen som Innlandets eigen George W Bush: «Anten er du med oss, eller så er du imot oss.» Med andre ord vil reiselivsbedrifter, som ikkje organiserar seg innanfor frå før sterkt offentleg finansiert destinasjonsselskap som t.d. Nasjonalparkriket, ikkje berre bli systematisk sveltefôra av fylkeskommuna, men også bli forbigått i krisetider. Dette er press og verkemidlar ovanfor nokre av Innlandets viktigaste hjørnesteinsbedrifter som er heilt uakseptable.

Fylkeskommunane er nok blant dei fleste kjende for å vera ansiktslause gråe bygningar som du ikkje høyrer frå anna enn når dei kjem med fråsegn mot kommunale reguleringsplanar. Men i ei periode der reiselivsnæringa står i si største krise i nyare tid, kunne Innlandet fylkeskommune teke ei viktig rolle – godt føre som eit godt døme. Den sjansa har dei dessverre skusla bort og heller vald å å ri kjepphestar og drive politisk gruppepress ovanfor næringsdrivande til dei sluttar seg til fylkespolitikarane sin favoritt blant destinasjonsselskapa. Det er berre trist.

Tor Valdvik, Asker

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags