«Gryteklare» vegprosjekt

 Rv 15 i Vikedalom i Lom er rasutsett.

Rv 15 i Vikedalom i Lom er rasutsett.

Av
DEL

lesarinnlegg

Min partikollega på Stortinget, Bengt Fasteraune, etterlyser i GD det han kallar «gryteklare vegprosjekt». Det han siktar til er fyrst og fremst prosjekt på fylkesvegnettet, men vi bør vel nå også legge på bordet svært nødvendige tiltak også på det ein kan kalla stamvegnettet.

Her i Ottadalen er rassikring av Rv 15 i Vikedalom i Lom det absolutt mest nødvendige tiltaket som MÅ gjennomførast, uansett coronakrise eller ikkje. Men eg synes det er på sin plass å kjøre dette prosjektet fram som aktuelt for gjennomføring nå.

Det som gjer dette prosjektet høgst aktuelt igjen er det faktum at det gjekk eit nytt ras der i vinter. Både denne gongen, og ved tidlegare ras, så var det berre flaks at det ikkje gjekk liv tapt. Det er slik at når denne vegen blir stengt i samband med ras så er det ingen omkjøringsveg, og Skjåkbygda blir isolert når det gjeld vegforbindelse austover, og er det samstundes stengt over Strynefjellet så er dei isolert frå omverda, kan ein nesten si.

Den beste løysinga på dette store problemet er, etter mi meining, eit rasoverbygg på den strekninga der raset går over vegen. Dette er ei strekning på ca. 80 m.

Statens vegvesen la nyleg fram ein rapport om rassikring av vegar. Der går det fram at dei to mest brukte - og mest aktuelle løysningane - er enten ein røyrtunnel eller ei såkalla open løysning, der ein enkelt sagt byggjer eit tak over vegen som er open på utsida med ei søylerekkje som berande konstruksjon. Rapporten er så fersk at den har med erfaringstal når det gjeld kostnader for ulike tekniske løysningar for 2019. Tala som ligg inne i denne rapporten for dei to aktuelle løysningane eg har nemnt, er nesten identiske. Så slik eg ser det vil den opne løysninga vera den mest aktuelle i Vikedalom, på grunn av at det vil vera tryggare ved ein eventuell ulykke inne i overbygget.

Kostnaden med eit slik opent rasoverbygg på 80 m vil, etter tala som ligg inne i nemnde rapport, bli 35 mill. kroner. Plussar ein på for ulike terrenginngrep for ytterlegare sikring, kan ein rundt rekne 40 mill.

Nå er det slik at på statsbudsjettet for 2020 så ligg det inne 1.100 mill. til rassikring på riksvegnettet. Dette er mest sannsynleg midlar som alt er disponert til planlagde tiltak. Men det skisserte prosjektet i Vikedalom utgjer berre 3,6 % av det som er avsett på statsbudsjettet. Og det burde vera mogleg å få løyst ut pengar relativt raskt, men da må det mobilliserast eit sterkt politisk press frå både oss her i Ottadalen, med god hjelp av fylkeskommunen. Men vi må også få med oss dei politiske miljøa både i Norfjord og på Sunnmøre, for dette er ein viktig veg også for dei. Det hjelp lite med mi spede røyst!

I nest omgang er det også viktig at vi får på plass planer om ei oppgradering av Rv 15 mellom Fossbergom og Ånstad. Får vi ein oppgradert veg til dagens standard så vil det bli mindre fare for ulykker på denne strekninga, og på grunn av at det ikkje finnes omkjøringsveg så er det ekstra viktig at vi får på plass ein mest mogleg trafikksikker hovudveg.

Med eit rasovebygg som skissert så eliminerer vi tross alt det meste av faren for at vegen skal bli stengt. Og vi får ei vegstrekning som blir relativt trygg å ferdast på. Det er viktig å tenkje over det faktum at det ikkje vil bli tryggare å ferdast i Vikedalom om vi får ein omkjørinsveg på andre sida. Derfor er det viktig - slik eg ser det – å setja inn ressursane på å få ein mest mogleg trafikksikker veg langs Rv. 15 - i fyrste omgang!

Torstein K. Garmo, Lom


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags