Gå til sidens hovedinnhold

Hadde eg hatt ku enda, ville ho nok hamna hjå Nortura, trass alt

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Eg vart både skuffa og sur på Nortura da dei valde og legge ned på Otta, og var fast bestemt på ikkje vera nokon ivrig talsperson for dei meir. Eg er framleis av den meining at det var eit stort feilgrep å legge ned slaktinga på Otta. Tilliten til både styret og adm.leiing er framleis på eit lågmål.

Betre vert det ikkje av at Fatland og co. nå nyttar nett dei same argumenta får å etablere seg på Otta, som eg og veldig mange med meg, brukte for å ikkje legge ned storfe slaktinga på Otta.

Prosessen med nedlegging var provoserande, med vrakinga av eit særs kvalifisert styremedlem frå vårt område i forkant av vedtaket om å legge ned. Det er tydeleg at nedlegginga var nøye planlagt, og at medlemsmøta berre var spel for galleriet.

Eit år er gått sidan det fatale vedtaket var gjort, og eg må innsjå at i Nortura som i politikken er det «kjøttvekta» som rår. For meg vert spørsmålet, kor lenge skal eg vera sur? Når må eg sleppe til dei fornuftige tankane til att? Inst inne veit eg kor viktig samvirket er for landbruket generelt, og for slakterisektoren spesielt! Difor er trongen til å kommentere litt av det som kom fram i det vi vart presentert i sendinga frå regionkontoret kome.

Det undrar meg at det å få Fatland til distriktet er så bra, at familieslakteriet med historie attende til før 1900 får fotfeste i Gudbrandsdalen. Dei representerer nettopp dei kreftene som våre forfedrar med å etablere slakterisamvirke ville koma ut or klypa på! Det representerer det våre forfedrar måtte stå med lua i handa for, da dei kom til byene med slaktedyra sine.

Eg merka meg også det som vart framført om mottaksplikt. Det er berre Nortura som har mottaksplikt. At Fatland praktiserer mottaksplikt er bra, men dei kan når som helst takke nei til slakt, enten det er dyr i ein avkrok eller at dyret ikkje passar for dei på annan måte. Ein høyrer rett som det er at Nortura må hente enkeltdyr frå produsentar som leverer mesteparten av dyra sine til andre, når det er spørsmål om eit einsleg kopplam eller eit nødslakt.

Det vert også i sendinga gjort tapre forsøk på å tone ned den viktige rolla Nortura har som marknadsregulator. Ordninga er særs viktig for at næringa skal kunne ta ut avtalepris på produkta sine. Det anslås at etablering av det tenkte slakteriet gjev 5 % flytting av marknadsdel, og at dette nærmast ikkje påverkar Norturas moglegheit for å drive tilstrekkeleg marknadsregulering. All reduksjon i Norturas marknadsdel svekkjer handlingsrommet for marknadsregulering.

Det er og verdt å ta med at Kjøtt og fjørfebransjens Landsforbund, som er paraplyorganisasjon for Fatland og dei andre konkurrentane til Nortura, jobbar intenst for at Nortura skal verte pålagt såkalla dobbel mottaksplikt, noko som vil svekke marknadsreguleringa enda meir.

Attende i tid er det mange døme på at Fatland og co. har ignorert signal frå marknadsregulator. Når marknadsregulator ved overproduksjon har innført prisreduksjon på tunge slakt, har Fatland ikkje gjort det same. Resultatet er meir overproduksjon, og dårlegare priser til alle.

Sendinga til oss i kommunestyra fortel ingen ting om problematikken rundt kjedene sin merkevareproduksjon. Fatland og dei andre aksjeselskapa i kjøttbransjen har vore løpegutar for kjedene i dette spelet. Dessverre har Nortura vorte nøydd til, til ein viss grad, å vera med på dette. Dette fører til at det vert langt mindre sal av kjente Gilde og Prior produkt, noko som fører til lågare priser ut til butikkane, og dermed får Nortura problem med prisane til sine produsentar. Dette er svært problematisk, Nortura er pressa opp i hjørnet!

Hadde eg hatt ku enda, ville ho nok hamna hjå Nortura, trass alt.

Bjørner Flittie, Lesja