Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Den gamle Nils Haugen butikken skal byggjast ytterlegare på og få i alt 11 leilegheiter og 600 kvadratmeter nye butikk-og/eller kontorlokale. Ordføraren er skuffa over Riksantikvaren, som ikkje ser det geniale i planen. Kanskje er Riksantikvaren redd for det same som meg; at det nye bygget totalt kan koma til å dominere inntrykket av Nasjonalparklandsbyen sett frå Kyrkjevollen?
Nilsbua AS ved Ola Steinbakke har tidlegare bygd ut Nilsbua innover mot RV 15, og skal ha ros for eit vakkert og veltilpassa prosjekt og med to leilegheiter i 2. etasje.
Eg er skuffa over ordføraren og formannskapet, som ikkje ser at tre etasjar og ni nye leilegheiter ut mot Bøvra blir litt for mykje av det gode. Fossbergje fekk i 1993 ein pris som landets best bevarte bygdesentrum med mange gamle hus godt tilpassa ei ny tid, og med arkitekt Torbjørn Fjeldstad som ein stødig rådgjevar. Prisen var eit viktig grunnlag for at Fossbergje (Lom) seinare vart ein av dei fyrste nasjonalparklandsbyane i landet vårt, og fekk ei utvikling av turismen som mange andre kommunar i landet misunner oss. Ein tre etasjes fasade mot nord som på teikninga, vil skygge for resten av sentrum og gjeva Foss-bergje eit bypreg vi ikkje ynskjer. Bøvra er som kjent eit verna vassdrag, og da må ein kunne forvente litt meir av arkitekturen som skal prege elvelandskapet dei neste hundre åra.
Sommarturismen har vore grunnlaget for trafikken i sentrum, og for den utbygging dei lokale bedriftene der har gjort gjennom åra. Men turisttrafikken er som kjent sesongprega og fyller hotell og utleigestader berre i nokre få veker. Resten av året slit næringa med å utnytte kapasiteten, og innteninga er knapt større enn ho må vera for å overleva. 11 nye leilegheiter på ein gong vil gjera utleige-marknaden langt tøffare for oss som alt driv her, og eg er redd dette er ei investering meir for kapitalen enn for trivnaden. Lom, bygda og Fossbergje, er dessverre alt prega av vintertomme hus. Eg forstår at det er både triveleg og kan vera ei god investering å ha ei «hytte» i sentrum, men tomme hus er ikkje like triveleg for oss som bur her heile året.
Eg er imponert over dei nye ideane vagværane satsar på og vonar at dei lykkast! Smått er ofte godt, nye tilbod kan draga nye grupper av turistar til bygda og gjeva grunnlag for ny trivsel og nye arbeidsplassar.
Torgeir T. Garmo, Lom