Har vi ikkje snart nok av tunnelar, praktbygg og av ting vi eigentleg ikkje treng?

-  Har vi ikkje snart nok av tunnelar, nok av praktbygg og nok av ting vi eigentleg ikkje treng, spør Torgeir Garmo.

- Har vi ikkje snart nok av tunnelar, nok av praktbygg og nok av ting vi eigentleg ikkje treng, spør Torgeir Garmo. Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg

... eller -business as usual,- som det så flott heiter. Stugubordet mitt bognar av flotte program, og lesarbreva blømer i avisspaltene. Det er ikkje måte på alt vi skal få/oppnå om vi stemmer på «rett» liste.

I dag regnar det att. Hissige bekker tek vegane på sørvestlandet, og sjølv flytoget må ta pause.

– Det regna før og! seier du. Ja vel, men aldri så ofte og så hissig som nå. Er det ikkje på tide å roe ned og tenkje seg litt om?

Bygdalista i vesle Lom vil byggje ny flyplass og tre nye tunnelar, Arbeidarpartiet og Senterpartiet vil greie ut saka enda ein gong. Vil denne konsekvensanalysen da også omfatte kor mange tonn CO₂ som blir slepte ut i anleggs- og i driftsperioden, kor mange mål urøyvd natur som må ofras?

Som kjent har vi planar nok. Knapt kan du opne ei avis utan at teikningar av nye praktbygg, nye vegar, eller nye kommersielle fritidsanlegg stirar mot deg frå sidene. Det står ingenting om kor mykje naturbiotopar, grøne skogar og kulturlandskap som vi, min generasjon, har kledd med asfalt.

Oppdaterte tal frå Bjertnessenteret i Bergen syner at dei norske utsleppa av CO₂ nå er 3,4 % høgre enn i 1990. Temperaturen på Jorda er 1,05C høgre enn i førre hundreåret, og havet stig med 3,4 mm/år. Det nyttar ikkje å gøyme seg bort inst i ein dal heller og hevde «at det vi gjer betyr ikkje noko», for lufthavet tilhøyrer alle menneske til alle tider.

Den økonomiske og materielle veksten er heilag og skal halde fram inn i æva. Men har vi ikkje snart nok av tunnelar, nok av praktbygg og nok av ting vi eigentleg ikkje treng?

Er det ingen som ser at nok er nok? Naturen toler ikkje fleire «utviklingsplanar frå ambisiøse tomtespekulantar» nå, ikkje fleire leikeplassar for vaksne bygde i tidlaus plast, ikkje meir utslepp og snøydde skogar.

Er det ikkje på tide at vi steller betre med det vi alt har, at vi tek til å leite oss fram til eit samfunn som er stabilt og meir menneskeleg, utan ein evig, økonomisk vekst?

Ditt val nå i september er ikkje berre for deg sjølv, du vel også eit samfunn for dine barn i ei uviss framtid.

Torgeir T. Garmo, listekandidat Lomslista


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags