Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Vi likar å freiste folk med ekstra frisk luft, fargefest i naturen og at du kan ha fjellheimen meir for deg sjølv. Men det hjelp ikkje, når gjestene kjem til stengde dører. For mange turistbedrifter er det nemleg ikkje økonomisk berekraftig å halde ope gjennom to haustferieveker; fyrst for å ta i mot gjester frå Oslo-området i veke 40, for så å sørge for det same tilbodet til Innlandet veka etterpå.
Haustferien for Innlandet vart altså flytta frå veke 40 til veke 41 frå og med skuleåret 2020/2021 – for å samkøyre tidlegare Oppland og Hedmark. Det har ikkje falt i utelukkande god «potetjord» i reiselivet. Onsdag denne veka framsette Mai Bakken, fylkestingspolitikar (SV) og dagleg leiar for Norsk fjellsenter i Lom, ein interpellasjon til fylkestinget, der ho peiker på behovet for å endre haustferieveka i Innlandet. «Det er uheldig for både turistane og reiselivsnæringa i gamle Oppland at skulen sin haustferie er flytta frå veke 40 til veke 41», ifølge Bakken.
Sjølv om det er ein god tanke å spreie haustferietrafikken og på den måten forlenge sesongen, er realiteten for brorparten av bedriftene at det ikkje kjem nok folk til å fylle alle senger, matbord og guida turar gjennom to veker. Haustferien er ein viktig ferie for reiselivsaktørane i dei kommunane der reiselivet utgjer ein vesentleg del av næringslivet, som i Lom, og da har det mykje å si at ferien blir lagt til ei tid der reiselivet har moglegheit og kapasitet til å legge til rette for gode opplevingar, samstundes som føresetningane tillèt det.
Utfordringar med vêr og føre: For store delar av reiselivet i Lom og Jotunheimen bør haustferien kome så tidleg som mogleg etter sommaren – for å unngå stengde tilkomstvegar og redusert aktivitetstilbod. Ustabilt haustvêr – og ofte bråe sesongskifte spelar ei vesentleg rolle i vårt område. Store turisthytter som ligg høgt over havet er sårbare for avbestillingar på stutt varsel – grunna «sky-med-regn-og-utrygt-for-snøbøyer»-symbol i vêr-appen. Dei tapar òg store summar på å fylle kjøleromma med mat og «fyre for kråka» på kvardagar med lite besøk. Og jo nærmare vinteren ein kjem, jo større er sjansen for bråe snøfall. Fleire av hyttene driftar private vegar inn til hyttene med ibuande ansvar for å hjelpe potensielt sommarskodde bilar på avveg. For bedriftene som held ope, er det på si side ei utfordring å forsvare eit varierande aktivitetstilbod for gjestane desse to vekene.
Om det skulle vere aktuelt for enda fleire turistbedrifter å halde ope lenger utover hausten, er tilgang på arbeidshjelp ein føresetnad. Mange av dei er skuleungdom som for lengst er attende på skulebenken. For å lykkes med ei berekraftig sesongforlenging etter sommaren bør ein difor samle seg om ei haustferieveke, der både kundegrunnlag og arbeidshjelp er til stade. Marknadsføringa mot haustferien vil dessutan kunne bli meir slagkraftig om ein kan fokusere på ei veke der ein veit at det er ljos i vindauga, varm mat på bordet og eit rikt aktivitetstilbod utanfor døra – i heile dalen vår.
Mari Arnøygard Wedum, fjellvertinne/dagleg leiar i Visit Jotunheimen AS

Flytting av høstferien skapte debatt

– Vi må ha samme høstferieuke som Oslo
