Havari for den nye klimaplanen

Er det eigentleg kua som er klimaproblemet?

Er det eigentleg kua som er klimaproblemet? Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg

Rapporten "Klimakur 2030" som nå er lagt fram vert nå slakta av mange instanser. Planen som skal føre til ein sterk reduksjon av kjøttforbruket vil føre til at mellom 2 og 3 millioner mål med jord skal leggast brakk, noko som vil føre til ei storstila attgroing og sikkert som planlagt; -nedbygging av distrikta. I likheit med regjeringa legg planen skulda på jordbruket når det gjeld klimaet, medan dei som står for den største forureininga, fly, olje- og gas-produksjonen får halde fram som før.

Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) som har granska denne rapporten kjem og fram til at det vert 12.000 færre bondeårsverk og fall i sjølvforsyninga. Nibio har og funne ut at kostnadane for hushaldningane her i landet vil stige med 4 milliarder kr. frå 2021-2030, dei meiner og at nedgangen i arealbruken vil gå mest utover distrikta.

Solberg-regjeringa og MDG, som driv reine avgudsdyrkinga av ulven, (pass på KrF. så ikkje regjeringspartnerane vert ugudelige) kan nå planlegge ulvereservat i staden for dei attgrodde areala i distrikta. For å hindre attgroing, må dei nok få mutert ulven til planteetar eller jage ut partifrendene sine på rydding. Det kan ha nogo for seg.

Nå er det faktum at enkelte miljøvernorganisasjoner som set kua høgt. Leiaren i miljøorganisasjonen Spire seier i eit intervju at "Svartmaling av dyra er veldig dumt", dei er nå lei av at kua får meir negativ merksemd enn olje og fly. Leiaren, Hege Skarrud seier "at det virker som om man har lagt utrolig mye skyld på landbruket, slik at man kan fortsette å slippe ut på andre områder ".

Ho seier og at "Det å ha dyr på beite fører til økt karbonbinding i jord. Det holder også kulturlandskapet og naturmangfoldet i hevd. Det er viktig med tanke på bærekraftmålene". Frp, som nyleg har slippe ut frå varetekt i Solberg-regimet, mannar seg opp til til ein liten kritikk av planen ved tidlegare landbruksminster Dale. Sylvi Listhaug gjekk inn for industrilandbruk og sentralisering, basert på stor import av kraftfor frå utlandet, men i denne saka finn ho det vel best å halde ein låg profil. Kan ikkje bli noko offerlam her.

Jørgen Nørstegård, Lesja

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags